Trolladalen 30
6856 Sogndal
https://www.adecco.no/kontoroversikt/sogndal-adno_sogndal/
Linda Aukland
57629999
Adecco i Sogn og Fjordane har kontor i Sogndal, Florø og Førde. Me har pr no 5 tilsette i Sogndal og Florø som samarbeider om å møte behovet for rekrutteringstenester hjå våre kundar.
Adecco har ein landsdekkande organisasjon, og me har gode kollegaer i alle deler av Noreg. Kvar dag jobbar me for gode løysingar for våre kundar og våre medarbeidarar eller jobbsøkjarar. Me har eit bevisst forhold til verdigrunnlaget vårt Lagånd - Entreprenørskap - Kundefokus - Ansvarlegheit og Passion. Eller engasjement, som me likar å kalle det.
Det me er mest kjent for er rekruttering og at me kan ta arbeidsgjevaransvar ved tidsavgrensa oppdrag. Me jobbar i dei fleste bransjar, men har vore tyngst innan petroleumsrelatert, maritim sektor og bygg og industri. Ved faste stillingar, tilbyr me å køyre heile eller deler av prosessen og kan skreddarsy prosjekt i lag med kunde. Me tilbyr spisskompetanse på utveljingsprosessar knytta til leiarrekruttering. Me kan også tilby rådgjeving og støtte i omstillingsprosessar.