Jobbe i SFE

Nyheiter

SFE har 7 ledige stillingar

Vil du bidra til å skape den fornybare framtida? I samarbeid med gode kollegaer og støttande leiarar?

For å nå klimamåla treng verda meir fornybar energi. Å utvikle vass- og vindkraft og å elektrifisere samfunnet er Sogn og Fjordane Energi sitt bidrag for å nå klimamåla – og no treng dei deg til denne viktige og meiningsfulle jobben!

Ledige stillingar

SFE Produksjon har fleire nye og spennande prosjekt som skal bidra til det grøne skiftet. Det er derfor behov for:

Automasjonsteknikar

Maskiningeniør vasskraft

Rådgjevar berekraft

Linja AS er nettverksemda i energikonsernet og jobbar med utvikling, drift og vedlikehald av straumnettet i regionen. Selskapet jobbar målretta med å utvikle framtidas grøne nett- og systemløysingar og ser derfor etter:

Prosjektingeniør

Måleteknikar

Energimontør regionalnett

Energimontør distribusjonsnett

Obs! Søknadsfrist på alle stillingane er 20. august.

Kollegar Sogn og Fjordane energi

Gode kollegaer og støttande leiarar

Det er mange gode grunnar til å søke jobb i SFE, og i tillegg til å vere ein viktig ressurs i det grøne skiftet, blir du del av eit triveleg og tett miljø i ei mellomstor bedrift. Regine (26) gjer kometkarriere i energibransjen og understrekar at interessante arbeidsoppgåver ikkje er nok for at ho skal trivast. Gode kollegaer og støttande leiarar har vore viktig i SFE:

– Ein av dei store fordelane med å jobbe i ei lita eller mellomstor bedrift i distriktet, er at du får vere med i ulike prosjekt og delta på ting som går utover ditt kompetansefelt. Det skapar variasjon i arbeidsdagen, men også at du blir betre kjent med heile organisasjonen og dei som jobbar der. Altså, eg trur eg kjenner nesten alle i SFE no, ler ho.

Om du framleis er i tvil om du skal sende inn ein søknad, anbefalar vi deg å ta ein kikk på 10 gode grunnar til å jobbe i SFE.

Hugs søknadsfrist: 20. august.

Hovudkontoret til SFE er lokalisert på Sandane, og Linja sitt hovudkontor er i Florø. I tillegg har dei montørbasar, kraftstasjonar og kontor fleire plassar i regionen vår som omfattar kommunane Stad, Bremanger, Kinn, Gloppen, Askvoll og Sogndal.

Fleire saker