Sognekraft på karrieremesse

Arbeidsliv

– Profilering er viktigare enn tilsetting

Tekst: Marie Tefre Birkeland

Foto: Sognekraft

For Sognekraft er deltaking på Framtidsfylket Karrieremesser ei investering i framtida.

– Det er viktig for å profilere seg der den potensielle framtidige arbeidskrafta er. Det er mest derfor vi deltek, ikkje fordi vi skal tilsette nokon der og då, seier Gro Fjærestad, som er personalkonsulent i Sognekraft.

Det heile handlar om langsiktig rekruttering for sognebedrifta. Å skape eit godt omdømme slik at flinke folk på sikt vil søke seg til bedrifta.

– Vi har ikkje nødvendigvis med oss ledige stillingar på slike arrangement. Vi ser verdien i at flinke folk får ei positiv oppleving av selskapet og det vi driv med, og at vi då blir hugsa på ved eit seinare høve.

Deltaking har effekt på søkartal

Selskapet sitt hovudkontor er i Vik i Sogn, med lokale avdelingar i Sogndal og Balestrand. Dei har jamt og trutt ledige stillingar ute, og ho seier søkartala ofte er gode. Kor mykje deltaking på karrieremessene påverkar søkartala meiner Fjærestad er vanskeleg å svare på, men ein effekt har det i alle fall, meiner ho.

– Når eg ser tilbake på tilsettinga vår ser eg jo at ein stor del av våre tilsette, spesielt på høgskulenivå, er folk ein har hatt kontakt med på karrieremessene.

Dei jobbar sjølv aktivt med å få deltakarane til å komme på messene.

– I forkant oppmodar vi alle tilsette til å dele og inviterer venner og familie til arrangementet. I tillegg til at bedrifta sjølv deler i eigne kanalar..

God stemning og mykje dialog er viktig

Sognekraft er ei av bedriftene som er gjengangarar på karrieremessene, og i år tidleg ute med å melde seg på. Ho seier at det er viktig at standen har eit uttrykk som viser kvalitet, og at ein skapar god stemning rundt standområdet.

– Og så bør ein snakke med alle, uansett fagfelt. Kanskje har dei ikkje den utdanninga eller bakgrunnen ein er på jakt etter, men kanskje sit dei i sofaen med draumekandidaten vår dagen etter. Har ein gjort eit godt inntrykk er sjansen god for at vi kan bli nemnt til den riktige og viktige personen.

– Ein bør snakke med alle, uansett fagfelt.

Gro Fjærestad i Sognekraft

50 prosent påverknadskraft

Ein anna ting ho trekk fram er at mange ein snakkar med er i eit parforhold, og at dei skal ta valet saman.

– Om ein då har litt kunnskap om, og vilje, til å sette seg inn i kva partnaren kan jobbe med i fylket vårt, er eg sikker på at ein vinner på det også. Gode råd er det alltid lurt å dele.

Ekspertar på gode råd

Og gode råd legg Sognekraft vekt på. Faktisk tek dei med seg tilsette som tidlegare har gått på NTNU på messene i Trondheim, nettopp for å kunne gje gode råd og svare på spørsmål.

– Studentane vil prate og er nysgjerrige. Kva anbefaler Sognekraft? Kva masteroppgåve er det lurt å velje? Dette er ting tidlegare NTNU-studentar er godt rusta til å svare på, nettopp fordi dei har tatt akkurat desse vala sjølv, seier ho.

Bransjetreff

Bedrifta har per i dag ikkje problem med å rekruttere til kontora sine i Sogndal og Vik, likevel ser dei verdien i å stille opp på messene kvart einaste år.

– Framtidsfylket sine karrieremesser er ein god arena for å vise Sognekraft sin aktivitet. Saman med andre bedrifter i same bransje får vi synleggjort kva vi driver med, at det er ein stor bransje i fylket, og per i dag er det ingen tilsvarande møteplassar.

Sogndals-effekten

Når det kjem til rekruttering merkar bedrifta til den positive Sogndals-effekten.
–Det går greitt å få folk til kontoret vårt i Sogndal. Det er mykje som skjer i Sogndal for tida, og det vert lagt merke til. Mange tilsette likar randonée om vinteren, og er gjerne med på hovudlykttur etter jobb. Slikt appellerer til mange, seier ho.

Likevel er det ein ting som står høgt på ønskelista til bedrifta.
– Fleire kvinner innan elkraft! Er du kvinne og har denne utdanninga må du stikke innom standen vår enten i Trondheim eller Bergen for ein prat, seier ho.