Ledig stilling Sogn og Fjordane

Nyheiter

10 ledige stillingar i oktober

Klar for noko nytt? Månadens utvalde stillingar byr på alt frå frukt og bær til IT , kommunikasjon og design.

Tibber

Tibber søker nye kollegaer til Førde-avdelinga.

Tibber søker teknisk kundekonsulent og People & Office Experience-spesialist

Våre venner i Tibber ser etter deg som vil vere med på eventyret. Nei, vi snakkar ikkje om Raudhette og ulven, men den eventyrlege reisa som det digitale straumselskapet er på – og du kan få vere med!

Norsk Landbruksrådgiving Vest søker bær- og fruktrådgivar

Har du god kompetanse på frukt- og bærdyrking, og helst utdanning innan plantevitskap, er det kanskje deg dei ser etter. Her får du jobbe tett på spektakulære naturopplevingar og dyrke interessa for frukt og bær med arbeidsstad Leikanger, Sandane eller Lofthus i Hardanger.

Les meir her.

Proresult

Er dette dine nye kollegaer? Teknologiselskapet Proresult tilbyr nye, moderne kontorlokale i Peak Sunnfjord i Førde.

Proresult søker teamleiar support og kundeoppleving

Proresult er ei spennande IT-bedrift i vekst som er opptatt av relasjonar, trivsel og resultat. Som teamleiar vil dine viktigaste oppgåver vere å leie, motivere og inspirere teamet, og skape gode resultat på sal, kundeopplevingar og effektiv drift. Verdt å sjekke ut!

Les meir her.

Fritid sogn og fjordane

Sognekraft søker fleire nye kollegaer

Vil du vere med på laget til ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida, tek høgde for klimaendringar og som torer å satse? I Sognekraft-konsernet er det over 100 ihuga medarbeidarar – og no vil dei ha med fleire! PS: Vi diggar måten dei skildrar fritida si på 🧡

"På fritida likar vi å utfordra oss sjølve i denne enorme leikeplassen her i Sogn. Vi kosar oss i laussnøen, vi klatrar og klyv oppover fjellsidene, vi syklar og vandrar gjennom landskapet, og nyt gode dagar på verdas lengste og djupaste fjord."

Univerket

Univerket søker grafisk designar

Univerket er eit design-/reklamebyrå i Førde i Sunnfjord med ein spennande kundeportefølje. No ser dei etter deg som er sjølvstendig, visuelt sterk og har erfaring med design for analoge og digitale flater – og gjerne marknadsføring for sosiale medium. Ei allsidig designpotet, altså.

Les meir her.

Veidekke

Veidekke søker fleire nye medarbeidarar

Veidekke har fått oppdraget med å bygge Nye Førde Sjukehus, men ser også Sunnfjord kommune som eit vekstsenter innan mange område i både offentleg og privat sektor. Det betyr at dei treng fleire medarbeidarar til spennande prosjekt!

Hyllestad kommune søker fastlegar i "Nordsjøturnus"

Den vakre kommunen i ytre Sogn har bestemt seg for å prøve ein ny modell, og søker difor etter deg som vil jobbe "Nordsjøturnus" og jobbe litt av og på. Verdt å sjekke ut, og mange goder følgjer med stillinga.

Les meir her.

Røde Kors søker kommunikasjonsrådgivar

Røde Kors søker deg som brenn for humanitært arbeid, som gjennom din kreativitet og kommunikasjon kan bidra til å synleggjere Røde Kors sin innsats og dei humanitære behova vi jobbar for. Dei ser etter deg som er dyktig på å fortelje historier gjennom tekst, foto og film.

Les meir her.

Helse Førde søker rådgivar til medisinsk koding

Vil du vere med på å styrke oversikta over den medisinske aktiviteten i Helse Førde? Økonomiavdelinga har ledig stilling som rådgivar.

Les meir her.

Bano-gruppen

Bano-Gruppen søker ny kollegaer

Vil du jobbe med automatisering og robotisering i Bano-Gruppen sine fabrikkar? Eller vere del av eit spennande forskningsprosjekt? Sjekk ut desse stillingane:


Ikkje det du såg etter? Sjå alle våre ledige stillingar her!