Westcon Yards

Nyheiter

Her er noko for ein kvar smak

Tekst: Marie Tefre Birkeland

Foto: Photoevent

Arbeidsmarknaden tar ikkje ferie. Også denne månaden er det ei finfin liste med ledige stillingar som kan vere verdt ein ekstra kikk.

Westcon søker HR-leiar

Westcon Yards er eit veletablert verft som blant anna jobbar med vedlikehald og ombygging av skip og rigg. Dei ser etter ein positiv og tydeleg leiar som motiverast av at medarbeidarane oppnår gode resultat.

Les meir her

Steinvik Fiskefarm søker driftsteknikar

Som driftsteknikar vil du utføre varierte oppgåver på deira matfiskeanlegg, og bidra til utvikling i selskapet. Er du ein gladlaks som vil bidra til glad laks, må du sjå her.

Les meir her

Fjaler kommune søker psykolog med fokus på barn og unge

Som kommunepsykolog vil du jobbe tett på barn og familiar som har behov for hjelp. I tillegg vil du bidra med fagkompetanse til tilsette i kommunen, og til tenestene dei tilbyr.

Les meir her

Stad kommune har ein heil drøss med ledige stillingar

Stad er kommunen for deg som vil surfe i lunsjen, gå på festival om sommaren, eller til dømes jobbe i eit spennande teknologimiljø.

Miljøterapaut eller miljøarbeidar

Miljøterapautar knytt til nytt bufellesskap

Driftsteknikar - bedriftselektrikar

Maskinførar

Ingeniør - vatn og avløp

Reinhaldar

Sjukepleiarar

Sparebanken Sogn og Fjordane søker kunderådgjevar på bedriftssenteret

Her får ein jobbe tett på næringslivet i Sogn og Fjordane. Banken er på jakt etter ein person som likar å skape gode kundeopplevingar, og gjerne utfordrar med nye idear og måtar å løyse kundebehov på.

Les meir her

Sogn og Fjordane Energi


Sogn og Fjordane Energi søker driftsingeniør på Nettsentralen

Kloden vår ropar etter klimatiltak, og her har du moglegheit til å gjere ein forskjell. Har du utdanning innan elektrofag og god systemforståing, bør du sjå nærmare på denne.

Les meir her

Lotteri- og stiftelsestilsynet søker dokumentasjonsforvaltar

Stortrivast du med å jobbe strukturert og nøyaktig med digital dokumentasjonsforvaltning? Har du eit sterkt ønske om å vidareutvikle deg i eit kompetansemiljø? Då kan denne stillinga vere midt i blinken for deg.

Les meir her

Saga Fjordbase søker leiar innan sal- og kunderelasjonar

Saga Fjordbase er eit selskap i Fjord Base Holding- konsernet. Dei søker etter ein ressurs innan sal- og marknadsutvikling. Ein som ser utviklingmoglegheiter og kan realisere desse.

Les meir her

Norwegian Ship Design – TNSDC søker skipsingeniør

Dette er ei stilling for deg som diggar skipstekniske reknestykke, 2D-teikningar, 3D-modellering, konstruksjon og analyse.

Les meir her

Dei er også på leit etter ein marin prosjektingeniør.

Les meir her

Tizir søker industrimekanikar

Tirzir er eit smelteverk for råstoffet ilmenitt, og er det einaste av sitt slag i Europa. No søker dei etter ein industrimekanikar med relevant fagbrev. Er det deg?

Les meir her

Fleire saker