Foto: Bano-gruppen / Photoevent
Den 31. august gir vi deg verktøya du treng for å jobbe målretta med rekruttering og kommunikasjon. Kurset blir held i Ullensvang frå kl 10:00-14:00.
Framtidsfylket og Næringshagen Ullensvang inviterer til firetimarskurs i rekrutteringsstrategi i samarbeid med PwC. På kurset vil du få konkrete råd og tips om korleis bedrifta di kan gjere seg så attraktiv som mogleg på jobbmarknaden. Målet er at kandidatane skal stå i kø for å jobbe hos akkurat deg.
Dato
31. august
Stad
Sentralbadet litteraturhus, Ullensvang
Tidspunkt
Kurset varer frå klokka 10:00 - 14:00.
Prisar
Pris for medlemer i Framtidsfylket kr 2 000,-. / Pris for andre 2 500,-
Enkel lunsj er inkludert.
I løpet av kurset skal vi sjå på bedriftene sin eigen rekrutteringsstrategi og finne svar på:
Kurset vil også gi deg svar på kvifor målretta kommunikasjon mot jobbkandidatar er like viktig som kommunikasjon mot kundane:
Gunn Merete Paulsen og Silje Guddal frå PwC leiar kursa. I kombinasjon med innspel og erfaring frå deltakarar, næringsliv og Framtidsfylket, vil vi styrke kompetansen din på rekruttering.
PwC er ein av Norges mest attraktive arbeidsgjevarar. Selskapet leverer tenester innan eit breitt spekter, og rekrutterer årleg mange nye medarbeidarar innan fagområde som jus, rekneskap, revisjon og rådgjeving. I Sogn og Fjordane er PwC lokalt forankra i heile fylket med sju ulike kontor.
Gunn Merete er advokat og partnar i PwC. Ho har mange års erfaring frå rekruttering gjennom ulike leiarroller, og har eit stort engasjement for samanhengen mellom omdømme og rekruttering.
Silje Guddal er rådgjevar i PwC og jobbar strategi og utvikling av små og mellomstore bedrifter, samt offentleg sektor. Silje har ansvar for marknadskommunikasjonen til PwC i Nordvest. Ho har bakgrunn som reporter og programleiar i NRK.
Spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt med Linda Hovland i Framtidsfylket:
99 01 78 52 / linda@framtidsfylket.no
Å syne fram eit godt arbeidsmiljø kan vere del av din rekrutteringskommunikasjon. Highsoft i Vik tek aktivitetspausar for å skape trivsel blant dei tilsette. Foto: Photoevent.