IT-kveld Sunnfjord

Karrierefestival

Møt techbransjen på Peak

Dette er kvelden tech-folk i Sunnfjord møtast til mat, mingling og fagleg påfyll.

Tid: Torsdag 8. juni kl. 17.00 – 20.00

Stad: Peak Sunnfjord

Pris: Gratis

Jobbar du med IT eller teknologi? Kanskje er du student og nysgjerrig på bransjen. Dette er kvelden tech-folk i Sunnfjord møtast til mat, mingling og fagleg påfyll

Sjå fullt program for festivalen

Det blir underhaldning og korte innlegg om maskinlæring, robotics og at det er mange vegar til ein karriere innan IT og teknologi. Du får også sjansen til å bli betre kjent med nokre av dei mange spennande IT- og techbedriftene i Sunnfjord.

Vi byr på middag og det blir sal av forfriskningar. Tech-pub fortset etter fagprogrammet.

Faginlegg:

Går du rundt med ein Tech-ide?

Eller har selskapet ditt ein innovativ tanke i skuffa som burde sett dagens lys? Sigrid frå Kunnskapsparken Vestland fortel kort om korleis vegen kan bli til, og ideen kan bli verkelegheit.

Produksjonssetting av maskinlæring

Korleis jobbar vi i Bouvet med ML og data science generelt. Kva bør du kunne for å bygge ein karriere innan dette feltet? Ved Marek Vetter, Data Scientist.

HVL Robotics Lab

Visste du at vi har eit senter for robotikk i Førde? Eirik Kyrkjebø, leiar ved HVL Robotics Lab, fortel om forskinga dei gjer på robotikk og korleis dei samarbeider med næringslivet.

Vi menneske kan lære robotar å gjere ting ved å vise dei det, og er du heldig får du prøve deg på å lære ein robotarm å spele beer pong 🤖

Teknologi er overalt – om utradisjonelle vegar til teknologiyrke

I fleire tiår har fleire menn enn kvinner funne vegen til IT-utdanning og –yrke. Den «typiske IT-studenten» har blitt assosiert med gutar og gaming, men stemmer denne forestillinga fortsatt i dag, når «alle» må forholde seg til IT, digitalisering og kunstig intelligens?

Seniorforskar ved Vestlandsforsking, Hilde G. Corneliussen, vil diskutere korleis personar som ikkje assosierer seg med den stereotypiske IT-studenten finn motivasjon og utradisjonelle vegar til IT-utdanning.

Det er 18 års aldersgrense.

Påmelding

Fleire saker