Trainee ingeniør

Trainee

Start ingeniørlivet som trainee!

Har du utdanning innan bygg, anlegg eller tekniske fag? Vi tilbyr deg ein fin overgang frå studieliv til arbeidsliv.

Er du ferdig utdanna våren 2023? Null planar for hausten? Då skal du sjå nærare på desse traineestillingane:

Kva er ein trainee? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.

For traineeåret 2023/24, august til august, kan vi tilby:

Trainee: Byggherre

Vi søker ein motivert, sjølvstendig og fleksibel kollega med interesse for vegbygging, drift og vedlikehald av fylkesvegnettet. Tilbake kan vi tilby deg god støtte og opplæring og engasjerte kollegaer som trivst saman på jobb

Som trainee vil du få bidra i prosjektprosessar innanfor bygging, drift og vedlikehald av fylkesvegar i Nordre del av Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane).

Les meir her.

Trainee: Byggteknikk

Vil du jobbe som ingeniør innan byggteknikk i Vik eller på Voss?

Bystøl AS søkjer etter ingeniørar eller sivilingeniørar innan byggteknikk til våre to traineestillingar, ein til vårt kontor i Vik i Sogn og ein til Voss. Me kan tilby oversiktleg og fleksibelt arbeidsmiljø med kort veg til sjefen. Du har stor fridom til å styra eigen arbeidsdag, og du kjem til å arbeida med spennande og utfordrande arbeidsoppgåver innan vasskraft og byggebransjen.

Les meir her

Trainee: Ingeniør, arkitekt eller landskapsarkitekt

Oppdraget vårt er å gje deg ein god start på karrieren, og du kjem til å få spennande prosjekt og vera ein del av eit kompetansemiljø. Traineestillinga ligg til verksemd for Byggesak og kart/oppmåling i Ullensvang kommune, og dialog med innbyggjarane er også ein viktig del av arbeidet. Vi har kontor i Odda, Jondal og Kinsarvik. Ein vil vere fleksibel i høve til arbeidsstad. Tar du utfordringa som traineekandidat ?

Les meir her.

Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.

Sjå alle årets traineestillingar

Fleire saker