Grøne traineestillingar

Nyheiter

Grøn teknologi + bærekraft = Årets traineestillingar

Er du opptatt av klima, miljø og bærekraft – og lurer på korleis du kan jobbe med det i framtida? Årets traineestillingar er grøne.

Vi veit at du som er nyutdanna er opptatt av at arbeidsgivaren din har eit bevisst forhold til miljø og klima. Derfor er det ekstra kjekt at årets traineestillingar er grøne, og at fleire av dei har tema berekraft.

Bli med på den grøne revolusjonen i ferjenæringa

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og har som mål å vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden. No kan du vere med og bidra:

Jobb i Vestlandets største fornybarselskap

BKK leverer produkt og tenester for eit bærekraftig samfunn. Dei ser etter tre trainear som kan bidra til å vidareutvikle energisystemet med ny teknologi og nye energi- og infrastrukturløysingar.

Ta del i elbåt-eventyret i Florø!

Evoy har utvikla eit utsleppsfritt, elektrisk framdriftssystem for båtar. No får dei merksemd frå heile verda, og kan bli båtmarknadens Tesla. Dei søker etter to trainear:

Evoy trainee

Vil du jobbe med økonomi og smarthusteknologi?

Intin er bygd rundt ei entusiastisk interesse for smarthusteknologi og alle moglegheitene som ligg der, samtidig som du kan spare miljø, tid og redusere straumkostnader. Om du vil bli ein del av The Intins, så ser dei etter deg som er utdanna innan økonomi og administrasjon og har interesse for smarthusteknologi:

Trainee: Økonomi

Trainee Intin

Jobb med økonomi i smarthusbedrifta Intin og bli ein del av The Intins.

Trainee i Norges første heildigitale straumselskap?

Tibber gjer straum grønare og smartare, og er eit av Norges hottaste techselskap. Hundretusentals elbilar, varmepumper og anna smarthusutstyr er allereie kobla til Tibber-appen. No ser dei etter fire trainear som kan passe inn i Tibber tribe:

Vil du vere med og utvikle eit berekraftig Vestland?

Vestland fylkeskommune skal setje retning, samhandle og engasjere for eit berekraftig Vestland. No ser dei etter ein trainee som blant anna kan vere støttespelar og rådgjevar for kommunane ved kommunal planlegging, med spesielt fokus på klimaomstilling og delta i arbeidet med Regional plan for klima Vestland. Er dette deg?

Trainee: Planlegging og klimaomstilling

Bidra i kampen mot klimautfordringar!

Å sikre berekraftige løysingar, og bidra i kampen mot dei store klimautfordringane, er berebjelkar i Sogn og Fjordane Energi. No er dei på jakt etter deg som vil delta i arbeidet med klimanøytralitet, eller deg som vil bidra i arbeidet med elektrifisering.

Trainee: Berekraft

Trainee Sogn og Fjordane energi

SFE ønsker deg med på laget i kampen mot klimautfordringane.

Traineestillingar 2021/22