Utekino

Karrierefestival

Dette skjer i festivalveka

Karrierefestivalen i Sunnfjord byr på meir enn innsyn i arbeidslivet. Vi skal også kose oss.

Ta ein pause frå karriere eller jobbjakt, og nyt ein god film, sauna eller oppdag kunstnarlege evner. I tillegg til eit fyldig program, skjer også dette under festivalveka:

Maol & sup

Tid: 7. juni kl. 18 – 21.00

Stad: Huldri galleri

Pris: 400,-

Uavhengig av talent og ambisjonar, med kombinasjonen paint & zip kan du sleppe laus din indre kunstnar, eller på Huldri sitt sognamål: Maol og sup.

Huldri er Helena Bremer Farsund, kunstnar og artist frå Hafslo busett i Førde. Til dagleg driv ho Huldri galleri i Førde og tek på seg kreative oppdrag av ulike slag.

Huldri stiller med måleutstyr og geleidar deg gjennom eit motiv. Uansett nivå er dette kvelden for deg. Om den endar opp med stor kunst eller latterbrøl er ikkje så viktig. Her skal vi først og fremst gjere noko moro og litt annleis i lag.

Meld deg på med ein e-post til:

huldrigalleri@gmail.com

Påmeldingsfrist: 4. juni. Maks 30 deltakarar. Bindande påmelding.

Utekino

Kortfilmmatiné

Tid: 7. juni kl. 13.00 – 14.00

Stad: Smauet i Førde, Hafstadvegen 36.

Pris: Gratis

Påmelding

Barnefilm: Den raude ballongen og Den kvite hesten

Tid: 7. juni kl. 17.00 – 18.30

Stad: Smauet i Førde, Hafstadvegen 36.

Pris: Gratis

Påmelding

Kveldsfilm: Airplane!

Tid: 7. juni kl. 20.00 – 22.00

Stad: Smauet i Førde, Hafstadvegen 36.

Pris: 100,-

Påmelding

Bad & sauna

Tid: 7. og 8. juni

Stad: Førde sentrum

Pris: 150,- per person per time. Booking opnar snart.

Denne veka tek Rudledampen turen frå Fjærland til Førde. Ta eit forfriskande bad midt i Førde sentrum, etterfulgt av deilig og nærande sauna. Ein super aktivitet for vennegjengen eller familien. Denne blir fort oppbooka, så ver rask!

Book sauna

Smakskveld med Gardsbrenneriet

Tid: 8. juni kl. 19.00

Stad: Pikant

Pris: 365,-

Ruben frå Gardsbrenneriet tek dykk med gjennom gin-verda denne kvelden. Gardsbrenneriet held til på solrike og lune Hauge på nordsida av Gloppenfjorden. Heile prosessen frå behandling av råvarer til tapping av ferdig produkt skjer på garden. Gardsbrenneriet har utvikla eigne metodar, prosessar og smakar.

Påmelding

Gatefest i Smauet

U40 har bestilt strålande vêr og utepils-stemning når dei pyntar det sjarmerande Smauet i Sentrum Sør for gatefest. Her er alle velkomne – også du som er over 40 😄

Smauet har plassbegrensningar, så sikre deg billett raskt. Det blir DJ, MuteMode, utebar og lett servering. Det er også Kulturnatt i Førde denne kvelden, så det er fare for at det ramlar innom litt kultur.

Dørene opnar 19:00.

Kjøp billett

Fleire saker