Ledig stilling i Fjord1

Nyheiter

Vil du vere Fjord1 sitt fyrtårn for berekraft?

Verdas mest miljøvenlege ferjeoperatør er på jakt etter deg som kan motivere medarbeidarane til å nå felles berekraftsmål.

– Vi er ikkje så opptekne av kva teoretisk utdanning denne personen har. Det viktigaste er at han eller ho kan hjelpe oss med å jobbe endå smartare med tanke på energibruk.

Det seier André Høyset, driftsdirektør i Fjord1. Dei siste åra har selskapet hatt sterkt fokus på miljøavtrykk, og heile 39 elektriske ferjer er snart i drift. Dette krev ein person som kan følge opp måltal for energibruk og tilføre ny kompetanse.

– Vi har hatt ei enorm omstilling og eit langt lågare utslepp. Dette er noko av det viktigaste vi jobbar med, og vi ser difor etter ein energi- og miljøansvarleg som vil vere med oss vidare på vegen mot elektrifisering og nullutslepp.

"Vi håpar du kan vere eit fyrtårn for berekraft, slik at vi andre kan bli inspirerte"

Andre Høyset

André Høyset, driftsdirektør i Fjord1.

Energicoach

Den som får jobben skal blant anna fungere som ein energicoach for medarbeidarane.

– Vi håpar du kan vere eit fyrtårn for berekraft, slik at vi andre kan bli inspirerte til å tenke grønare. Vi er vande med å jobbe for eit økonomisk godt resultat, men no er miljørekneskapet blitt vel så viktig for oss. Tal knytt til energi og utslepp krev oppfølging, både på landsida og på sjøen, forklarar Høyset.

Varierte dagar på land og til sjøs

Han lokkar med ein fin kombinasjon av administrativt arbeid og besøk på ferjene.

– I tillegg til å bistå skipsleiinga og dei ulike avdelingane på land, vil ei av arbeidsoppgåvene vere å følge opp energibruk på båtane og motivere til bruk av nye it- og teknologiløysingar. Eg trur besøka på fartøya vil gi ein fin variasjon i arbeidskvardagen.

Mangfaldig arbeidsmiljø

Høyset meiner det mest attraktive med stillinga er det mangfaldige og gode arbeidsmiljøet i Fjord1, og at noko av det kjekkaste blir å møte kollegaene.

– Det er alle moglegheiter for å trivast i Fjord1. Vi har 1220 flotte medarbeidarar med ulik bakgrunn og kompetanse, både nyutdanna og meir erfarne. Denne jobben vil gi deg tilgang på eit stort kompetansemiljø og brei erfaring.

Personlege eigenskapar viktigast

Han oppmodar både nyutdanna og erfarne til å søke på stillinga.

– Personlege eigenskapar og motivasjon for jobben blir det viktigaste. Erfaring er alltid positivt, men det er ikkje eit krav for å søke. Det viktigaste er at du har evne til å kommunisere fagkunnskap, motivere dei rundt deg og viser at du har ein ide om korleis Fjord1 kan jobbe for å nå berekraftmåla sine. Då vil du vere ein stor ressurs for oss, avsluttar han.

Les meir om stillinga her.

Ledig stilling Fjord1

Som Energi- og miljøansvarleg i Fjord1 vil du samarbeide med ulike avdelingar og vere ein inspirator og rådgjevar innan berekraft.

Sjå fleire ledige stillingar