Digital jobbmesse 9. mars

Nyheiter

Digital jobbmesse 9. mars

Ser du etter jobb? Møt din neste arbeidsgjevar på Framtidsfylkets digitale jobbmesse.

Er du interessert i kva som rører seg i arbeidslivet i Vestland? Vil du vite meir om kva som finst av ledige stillingar? Velkommen til Framtidfylkets digitale jobbmesse! Delta frå der du er – sofaen, stamkafeen eller bussen – og møt kule bedrifter frå Vestland.

Slik deltar du

Alt du må gjere er å registrere deg i forkant og verifisere kontoen. Bruk gjerne litt tid på profilen din, slik at bedriftene legg merke til akkurat deg. Opprett brukar og meld deg på her:

Påmelding Digital jobbmesse

Møt bedriftene LIVE

Tirsdag 9. mars mellom kl. 12.00 – 15.00 er bedriftene LIVE og tilgjengelege for spørsmål og videosamtale. Du vel sjølv om du berre vil "gå rundt og kikke" eller ta steget og kontakte interessante bedrifter.

Til no er desse bedriftene påmeldt:

  • INC-gruppen
  • Coast
  • Intin
  • BKK
  • Veidekke Bygg
  • Fjord1
  • Tibber
  • Evoy
  • Sparebanken Sogn og Fjordane
  • Helse Førde
  • Enivest
  • PWC
  • Norec
  • Sogn og Fjordane Energi
  • Lotteri- og Stiftelsestilsynet
  • Nordfjordakademiet
  • Sunnfjord kommune

36 ledige traineestillingar

Fleire av bedriftene som deltar har med seg ledige traineestillingar. Om du har spørsmål eller ønsker å vise deg som ein god kandidat, er dette ein glimrande sjanse til å komme i kontakt med traineebedriftene!

Her er årets traineestillingar

Nyheit: webinar

Kl. 12.00 kan du besøke auditoriet og følge webinaret vårt. Bedriftene som bidrar med presentasjon her er: Intin, BKK, Sparebanken Sogn og Fjordane, Tibber, Evoy og Fjord1. Verdt å få med seg om du vil vite meir om korleis det er å jobbe i desse bedriftene.

Påmelding Digital Jobbmesse