Bli betre kjent med bedrifter i Sunnfjord i kombo med digg mat og underhaldning. Lotteri– og stiftelsestilsynet har invitert med Dangfart Tønnessen.
Tid: Tysdag 6. juni 17.00 – 20.00
Stad: Larris
Pris: Gratis
Denne ettermiddagen byr vi på digg middag før du lener deg tilbake og blir betre kjent med ei rekke attraktive arbeidsgivarar i Sunnfjord. Gjennom kjappe pitchar vil bedriftene gi deg gode grunnar til å vurdere dei som din neste arbeidsplass. Kanskje er du ikkje aktivt på jobbjakt, men ønsker likevel å orientere deg om kva som finst av moglegheiter? Litt mingling får vi også tid til, slik at du kan komme i kontakt med aktuelle arbeidsgivarar.
Sjå fullt program for festivalen
Desse bedriftene møter du:
Etter bedriftspitches og litt mingling, tek Lotteri- og stiftelsestilsynet ordet. I Norge er det fleire titals tusen som har pengespelproblem, og endå fleire som er i risikosona for å få det. Ei av dei viktigaste oppgåvene til Lotteri- og stiftelsestilsynet er å redusere desse tala slik at færre får øydelagt liva sine. Høyr om korleis tilsynet jobbar med dette viktige arbeidet, om kva norske stiftelsar gjer for samfunnet, og kor viktig frivilligheita er for barn og unge i heile landet. Dei har invitert med seg ein heilt spesiell gjest denne kvelden.
Tombola: Lotteri- og stiftelsestilsynet har invitert med seg Dangfart Tønnesen som vil spele tombola med sunnfjordingane. Foto: Åshild Meling
Før jul laga internettfenomenet Dangfart Tønnessen ein kampanjevideo i samarbeid med Lotteri- og stiftelsestilsynet for å sette fokus på Hjelpelinjen, som er ei viktig teneste for personar med speleproblem og deira pårørande. Denne tysdagen har Lotteri- og stiftelsestilsynet invitert han til Førde for å spele tombola med sunnfjordingane. Det blir kjekt! Kjem du?
Det er 18 års aldersgrense.