Sognekraft

Nyheiter

10 ledige stillingar i september

I september byr arbeidsmarknaden i Vestland på alt frå vegplanlegging og berekraft til helse og kommunikasjon. Sjekk ut månadens stillingar!

Sognekraft søker prosjektleiar/prosjektingeniør

Sognekraft Produksjon satsar stort på fornybar vasskraft i Sogn og vil no styrke utbyggingsseksjonen med to nye medarbeidarar, helst ein prosjektleiar og ein prosjektingeniør:

Les meir

Dei søker også rekneskapssjef.

Les meir her.

Klar for å framsnakke Vestland på heiltid?

Vil du bli vår super-vikar? Framtidsfylket treng nokon som kan steppe inn mens vår kommunikasjonsrådgjevar er i permisjon. Om du skriv som ein gud, blir vill i auga av konverteringar eller er mest opptatt av god design, er ikkje så viktig. Alt som kan bidra til fantastisk formidling er relevant for oss:

Les meir

Framtidsfylket

Vil du jobbe med oss i Framtidsfylket i eitt år? Vi lovar at det er kjekt!

Lærdal kommune søker barnehagelærarar

Lærdalsøyri barnehage ligg i vakre omgjevnadar sentralt på Lærdalsøyri. No ser dei etter deg som brenn for barnehagefaget og det å skape eit trygt og godt oppvekstmiljø. Dette er to faste stillingar som er ledige for snarleg tiltreding:

Les meir

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter søker kokk

Er du opptatt av matfaget, engasjert og kvalitetsbevisst? På Haugland serverer dei god, velsmakande og variert mat for ca. 80 personar kvar dag. Dette er stillinga for deg som har fagbrev som kokk, likar utfordringar og ikkje har noko imot hektiske arbeidsdagar:

Les meir

Sogn og Fjordane Energi søker rådgjevar berekraft

Vil du vere med på «team berekraft» og skape den fornybare framtida? SFE ser etter ein person til å jobbe med berekraft – fortrinnsvis til hovudkontoret på Sandane, men dei er fleksible på arbeidsstad om du er rette kandidaten:

Les meir

SFE

SFE søker rådgjevar berekraft.

Ullensvang kommune søker kommunalsjef økonomi

Vil du vere med å vidareutvikle økonomifunksjonen i Ullensvang kommune? Som kommunalsjef får du ei spennande og utfordrande stilling med gode moglegheiter for fagleg utvikling. Du blir del av rådmannen si leiargruppe og har leiaransvar for økonomiavdelinga på 11,5 årsverk:

Les meir

Veidekke Bygg Sogn og Fjordane søker nyutdanna prosjektingeniørar

Veidekke Bygg i Sogn og Fjordane søker 2-3 ivrige og engasjerte nyutdanna i Førde, Sogndal og på Sandane.

Les meir

Veidekke

Veidekke søker deg som er nyutdanna prosjektingeniør.

Vil du jobbe som leiande helsesjukepleiar?

Bremanger kommune søker leiar til ein godt strukturert helsestasjon. Dei tilbyr meiningsfulle oppgåver, hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass om du kjem tilflyttande, og betre lønsvilkår for deg med opptil 10 års ansiennitet:

Les meir

Vestland fylkeskommune søker vegplanleggar

Om du er vegplanleggar har fylkeskommunen intet mindre enn to ledige jobbar til deg: Éi fast stilling og eit vikariat på eitt år med moglegheit for forlenging og fast tilsetting. Her får du moglegheit til å utvikle framtidas infrastruktur i Vestland:

Les meir

Luster kommune tømrar

Luster kommune søker tømrar/bygningsarbeidar.

Tømrar eller bygningsarbeidar som vil bu og jobbe i Luster?

Luster kommune søker ein eller to personar med erfaring innan bygningsfaget. Om du ønsker deg ein variert jobb i ein veldriven kommune, skal du sjekke ut denne:

Les meir

Ikkje heilt full klaff? Sjå fleire ledige stillingar her.

Fleire saker