På jobbjakt i november? I Vestland finst det akkurat no spennande jobbar innan mellom anna økonomi, forretningsutvikling, rådgjeving og skipsdesign. Sjekk dei ut!
Fjord1 styrkar laget og opprettar ny stilling innan anbodsarbeidet i rederiet. Stillinga vil vere heilt sentral i arbeidet med å finne dei beste løysingane for selskapet framover:
Ved Campus Sogndal er det ledig ei stilling for deg som har professorkompetanse på leiing og utvikling av små og mellomstore bedrifter:
Accountor HAFS er del av Accountor-kjeda, med hovudkontor i Dale og eit avdelingskontor i Leirvik. No ser dei etter deg som enten allereie er autorisert rekneskapsførar, eller vil lære deg faget med bakgrunn i utdanninga di:
Foto: Norwegian Ship Design - TNSDC
Norwegian Ship Design (TNSDC) søker to skipsingeniørar til sitt kontor i Førde. Har du kunnskap om og interesse for framtidsretta skipsdesign, vil dei høyre frå deg:
Skipsingeniør – Struktur og styrkeberekning
Skipsingeniør – Marin prosjektingeniør
Stad kommune søker ein einingsleiar for institusjonar som kan forme og utvikle tenesta vidare:
Norway Adventures har utvikla seg til å bli ein av dei leiande turoperatørane innan friluftsliv og aktivitetsturisme i Noreg. No ser dei etter ein ny kollega som vil jobbe med booking, rekneskap og andre økonomirelaterte oppgåver:
Norconsult i Sogn og Fjordane lovar spennande og varierte oppdrag i regionen, i tett samarbeid med andre avdelingar, kontor og fagområde i heile selskapet. No skal dei ha nye tilsette i både Sunnfjord, Sogndal, Stad og Årdal:
NAV Luster har ledig vikariat som rådgjevar, med gode utsikter til fast tilsetjing. Om du har evna til å sjå menneske i eit heilskapleg perspektiv og vil bidra til at fleire får ta del i arbeidslivet, er dette kanskje jobben for deg:
Du kan vere enten nyutdanna lege under spesialisering eller spesialist i allmennmedisin, når Aurland kommune no skal ha to nye fastlegar:
Ulvesund Elektro er ein totalleverandør av elektrotekniske tenester til både privat- og bedriftsmarknaden. No ser dei etter elektromontørar, serviceteknikar/ingeniør, automasjonsingeniør og IK-EL medarbeidar:
Som invoicing lead sørger du for at faktureringsprosessen går som smurt i alle ledd. Ein stor del av jobben vil handle om å skape nye og forbetre eksisterande strukturar. Bli del av den inkluderande og trivelege Tibber-gjengen: