Sunnfjord Miljøverk har lyst ut fleire spennande stillingar.
I følge med mars kjem også ti attraktive stillingar. Sjekk ut denne lista!
Foto: Photoevent
Vi minner også om at søknadsfristen for årets traineestillingar nærmar seg – 15. mars. Sjå årets traineestillingar her.
Sunnfjord Miljøverk er i stor vekst og utvikling og skal tilsette fleire nye kollegaer. Sjekk ut desse stillingane i ein spennande og viktig bransje:
Vil du vite meir om korleis det er å jobbe i Sunnfjord Miljøverk? Les om Karoline og Lennart som begge har funne draumejobben sin der.
No har du ei unik moglegheit i Sogndal! Vestlandsforsking skal nemleg tilsette ein seniorforskar innan klimaomstilling:
PS: Vestlandsforsking har også ledig traineestilling innan klima og miljø med søknadsfrist 15. mars: Les meir.
Vil du vere med å vidareutvikle kommunesektoren i ein spennande region? Har du erfaring med bruk og utvikling av IKT-tenester, og kan tenke deg å jobbe som dagleg leiar? Då kan denne stillinga vere for deg:
Vil du bidra til å sikre ei sterk frivilligheit? Lotteri- og stiftelsestilsynet søker to dyktige kollegaer til faste stillingar på avdelinga for frivilligheitsstøtte:
Stad kommune søker ein dyktig dansepedagog som kan vere med å skape entusiasme og oppslutning om dans i heile kommunen. Bli del av eit kreativt miljø i kulturskulen:
Lita liste, god fastløn, ekstra ferie og godt arbeidsmiljø, skriv kommunen om denne stillinga. What´s not to like? Sjekk ut denne stillinga:
Har du hjarte for formidling av kulturarv? Kvernsteinsparken i Hyllestad formidlar historia om eitt av dei største kvernsteinsbrota i Nord-Europa. No kan du bli deira nye museumspedagog:
HVL har fleire ledige stillingar innan ulike fagfelt for deg som vil jobbe som førsteamanuensis, førstelektor, høgskulelektor eller stipendiat:
PS: Høgskulen på Vestlandet har også ledig traineestilling innan utviklingsarbeid med søknadsfrist 15. mars: Les meir
Hub for Ocean søker deg som vil vere med å utvikle nettverket vidare. Er du ein relasjonsbyggjar som evnar å omsette ord til handling? Då bør du sjekke ut denne:
Kommunen har ledig tre faste 100% stillingar som pedagogisk leiar i Flåm barnehage og Aurland barnehage. Dei kan freiste med hjelp til å skaffe bustad, barnehage og jobb til partner ved flytting til Aurland, i tillegg til kr 100 000 i rekrutteringstilskot: