Nytt år, ny jobb? Vi startar året sterkt og kan presentere ti ledige stillingar for deg som vil jobbe som ingeniør, leiar, forskar, arkeolog eller sjukepleiar, mellom anna.
Finn din nye jobb i Vestland!
Elkem Bremanger posisjonerer seg for framtida, med store ambisjonar innan automatisering og digitalisering. No søker dei fleire nye tilsette og ser etter deg som vil bli vedlikehaldsleiar, automasjonsingeniør, logistikkoordinator, automatiker/elektriker eller HMS-koordinator.
Er du utdanna innan kunsthistorie og oppteken av å formidle? No kan du bli pedagogisk ansvarleg for avdeling kunst:
Musea i Sogn og Fjordane søker museumspedagog.
Bli del av eit av Noregs mest sentrale fagmiljø innanfor kulturminnevernet:
Her kan du også lese om kvifor Isabel og Lars synest livet som arkeolog i det vakraste fylket er fint.
Vil du jobbe med framtidas hurtigbåtar? Då er Hyen staden og Brødrene Aa selskapet. No søker dei fleire ingeniørar og vil høyre både frå deg som er nyutdanna og deg som er meir erfaren:
Hos Brødrene Aa kan du vere med og utvikle framtidas hurtigbåtar.
Vil du jobbe som leiar innan helse og omsorg? Miljøarbeidertenesta har fokus på kompetanseheving og trivsel, og her får du høve til å styrke leiarkompetansen din gjennom kurs, utdanning og kollegarettleiing:
Er du ein tydeleg og engasjert leiar som ønsker å jobbe med eit viktig samfunnsoppdrag? I denne stillinga får du mykje ansvar og interessante utfordringar:
Highsoft skal utvide webteamet og ser etter deg som vil utvikle teknologi for framtida. Du må gjerne også ha ein spirende leiar i magen, for her får du moglegheit til å påverke:
Hos Highsoft får du byjobb på bygda, med kubb i pausane.
Er du ein utviklingsorientert teknolog på jakt etter draumejobben mellom fjell og fjord? Bli del av eit godt fagleg og sosialt miljø hos NAV Økonomitjeneste:
Er du autorisert bioingeniør eller sjukepleiar? Høyanger legekontor har ledig 100 % fast stilling på moderne og velutstyrt laboratorie:
Vil du jobbe i eit tverrfagleg forskingsmiljø, samarbeide med samfunns- og næringsliv og bu tett på fantastiske naturopplevingar – på éin og same stad? Då bør du sjekke ut denne forskarstillinga ved Vestlandsforsking i Sogndal: