Enivest

Enivest ser etter marknadssjef. Foto: Photoevent.

Nyheiter

10 ledige stillingar i august

Med hausten kjem ønsket om ein ny, frisk start. Kanskje er det i år du skal gjere alvor av å søke ny jobb i Sogn og Fjordane?

Mange bedrifter har nytta dei første vekene etter ferien til å publisere ledig stilling. Vi har valt ut ti varierte stillingar, så her skulle det vere noko for ein kvar.

1. Innovasjonsrådgivar ved Høgskulen på Vestlandet

Arbeidsstad er Førde, og du vil mellom anna jobbe med å vidareutvikle Campus Verftet til ein arena for innovasjon, nyskaping og samhandling. Sjekk ut!

2. Revisor i Deloitte Sogndal

Vil du utvikle karrieren og samstundes vere nær idylliske omgjevnader? I fantastiske Sognefjorden har eit av verdas største revisjonsselskap kontor. Der kan du få begge deler.

3. Anbodsansvarleg i Westcon

Har du erfaring med anbodsprosessar og innkjøp og på utkikk etter nye moglegheiter? Då skal du sjekke ut denne spennande stillinga i Florø.

4. Psykolog i Nordfjord

Nordfjord psykiatrisenter har ledig fast stilling for psykolog. Dei tilbyr poliklinisk behandling til menneske med ulike psykiske lidingar og rusproblematikk, og du vil få ein variert arbeidskvardag.

5. Enivest søker marknadssjef

Enivest i Førde er på jakt etter marknadssjef til nyoppretta stilling. Du vil få overordna ansvar for marknadsføring, merkevarebygging og kommunikasjon, eller kort fortalt: kremjobben. Søk!

6. Rådgivarar og prosjektleiar i Aksello

Vil du jobbe for morgondagens berekraftige løysingar? Hjelpe gründerar og det omstillingsdyktige næringslivet vårt? Då skal du sende ein søknad til Aksello i Florø.

7. Jobb i Havlandet Marin Yngel!

Havlandet Marin Yngel (HMY) er eit selskap i INC Gruppen lokalisert på Fjord Base i Florø. No treng dei fleire medarbeidarar som kan bidra til bærekraftig landbasert oppdrett av berggylt og torsk.

8. Systemutviklar i PocketID

PocketID AS skal vere leiande leverandør av digitale bevis og adgangskontrollsystem og held til på Breim i Gloppen. No vil dei ha deg som kan tenke ut morgendagens løysingar med på laget!

9. Strategisk controller / økonomisjef i Helse Førde

Helse Førde søker strategisk controller som skal ha eit overordna fokus på heile verdikjeda til helseføretaket. For den rette personen er dette ein sjanse til å påverke utviklinga av organisasjonen.

10. Kunderådgivar privatmarknad i Gulen

Kontorstad er Vidsyn i Sløvåg, og Sparebanken Sogn og Fjordane vil gjerne ha ein søknad frå deg som kjenner og har relasjonar i marknaden i Gulen/Nordhordland.

Ikkje noko for deg? Følg med på Ledig stilling i Framtidsfylket. Her blir det vekentleg publisert ledige stillingar retta mot deg som vil ha ein kul jobb i Sogn og Fjordane.