Rekneskap Fjordane

Nyheiter

10 ledige jobbar i september

Hausten har for alvor begynt å vise seg. Medan det bles rundt nova, kan du sjekke ut kva jobbmarknaden i Sogn og Fjordane har å by på.

1. Bli del av eit framtidsretta og fleksibelt rekneskapskontor! Rekneskap Fjordane tilbyr eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø. No treng dei både nyutdanna og erfarne kollegaer innan rekneskap og IT.

Les meir her.

2. Vil du bistå behandlarar innan psykisk helse i bruk av Norse Feedback si programvare og metodikk? No ser dei etter deg som vil drive opplæring i verdas første dynamiske feedbackverktøy for psykisk helse og rus.

Les meir her.

Norse

Norse Feedback held til i Førde i kontorfellesskapet Peak Sunnfjord.

3. Vil du jobbe med teknologi og toppidrett?

Entalpi i Fjaler bidrar til OL-gull med teknologien dei utviklar. No treng dei fleire tilsette, og ser i første omgang etter utviklarar.

Les meir her.

Entalpi i Dale

Olav Aleksander Bu og Richard Skår i Entalpi.

4. Ønsker du å vere ei drivande kraft for berekraftig utvikling av havbruksnæringa? Vil du jobbe med innovasjon og utvikling? Akvahub er på jakt etter Prosjektleiar i marin innovasjon og utvikling.

Les meir her.

Akvahub

Akvahub er ei felles forskings- og utviklingsavdeling for havbruksnæringa

5. Sogndal kommune søker Juridisk rådgivar, og ser spesielt etter deg som har interesse for offentleg rett.

Les meir her.

6. Sparebanken Sogn og Fjordane tilbyr ei spennande og utfordrande leiarstilling med god moglegheit for personleg utvikling. Dei er på jakt etter banksjef for privatmarknad i Indre Sunnfjord.

Les meir her.

7. Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som løns- og personalmedarbeidar. Stillinga er plassert i stabseining for personal og kommunikasjon.

Les meir her.

8. Hyllestad kommune har ledig fast 100 % stilling som fysioterapeut frå 1.1.2022, og ser etter ein engasjert fysioterapeut til omsorgstenestene sine.

Les meir her.

9. Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 100 % fast stilling som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor innan psykologi ved Fakultet for helse-og sosialvitskap – campus Sogndal.

Les meir her.

10. Vil du være med og åpne Espresso House i Førde? Dei søker ein engasjert dagleg leiar som brenn for menneske og service.

Les meir her.

Espresso House Førde

Espresso House etablerer seg i Sunnfjord.

Ikkje det du såg etter? Sjå fleire ledige stillingar her.