Lerum

Foto: Lerum

Nyheiter

10 ledige jobbar i april

Klar for ein ny vår? Vestland byr på ein variert jobbmarknad i april, og kanskje finn du jobben som får deg til å blomstre?

1. Likar du tal, menneske, frukt og bær? Då er det store sjansar for at du kan bidra til å nå Lerum sine saftige mål. Dei søker etter ein fagleg sterk Rekneskapsansvarleg / controller som vil ta del i utviklinga av saft- og syltetøyeventyret på Kaupanger. Søknadsfrist er 30. april.

2. Har du lyst å jobbe med marknadsføring i eit tverrfagleg miljø i ein av Norges største sparebankar? Sparebanken Sogn og Fjordane er på jakt etter ein nytenkande og analytisk Marknadsførar. Dei tilbyr varierte oppgåver i eit solid fagmiljø, og håpar at du som er nysgjerrig og hardtarbeidande vil sende dei ein søknad. Søknadsfrist er 11. april.

NVE

NVE ser etter ny regionsjef for Region vest

NVE

3. NVE står ovanfor ei rekke spennande utfordringar i åra som kjem, og no søker dei etter ein Regionsjef for Region Vest med kontorstad Førde. Du skal blant anna leie det overordna arbeidet med flaum- og skredsikring i regionen, og eit av kvalifikasjonskrava er at du kan kommunisere og samhandle godt både internt og med lokale og regionale mynde, grunneigarar og publikum. Søknadsfrist er snarast.

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Lotteri- og stiftelsestilsynet har eit stort og tverrfagleg arbeidsmiljø. No ser dei etter ein samfunnsøkonom.

4. Vil du bli Lotteri- og stiftelsestilsynet sin nye Samfunnsøkonom? Dei ser etter deg som likar å arbeide med varierte oppgåver knytt til samfunnsøkonomi. Erfaring frå fagområdet er å føretrekke, men ein nysgjerrig, lærevillig og nyutdanna økonom kan bli likestilt. Søknadsfrist er 11. april.

5. Deloitte søker nye medarbeidarar, og ser etter deg som vil jobbe med Rekneskap eller revisjon – både nyutdanna og erfarne. I Vestland har dei kontor i Bergen, Florø, Førde og Sogndal, og dei søker nye kollegaer til alle kontorstadane. Søknadsfrist er 14. april.

Norsk Landbruksrådgiving Vest

Spennande jobb ledig for byggingeniør/fagskuleingeniør i Norsk Landbruksrådgiving Vest

6. Norsk Landbruksrådgiving Vest skal dekke behovet for byggteknisk rådgjeving i landbruket i Vestland Fylke. Dei har no oppretta ei ny stilling og søker etter Byggingeniør / rådgjevar i landbruksbygg i 100 % stilling. Kontorstad er Sandane, og du vil jobbe tett med oppfølging og rådgjeving til bønder. Søknadsfrist er 20. april

7. Sogndal kommune har ledig 100% fast stilling som Arealplanleggar. Dei søker deg som har lyst til å jobbe og delta i utforming av nye Sogndal kommune i framtida, og som ønskjer faglege utfordringar innan samfunns- og tettstadsutvikling i ein vekstkommune. Her har du alle moglegheiter til ei spennande karriere i kombinasjon med fjellsport og friluft. Søknadsfrist 18. april.

8. Trivast du med å arbeide med folk, vere ein rådgjevar eller coach for leiarar og tilsette? Er du god på kommunikasjon og å bygge relasjon og skape tillit? Sparebanken Sogn og Fjordane ser også etter ein Fagansvarleg HR. Hugs å søke før 11. april.

9. Har du interesse for handverkstradisjon og kulturarv? Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane ser etter ein Handverkar. Du vil i all hovudsak arbeide med restaurering og vedlikehald av dei kulturhistoriske bygningane på museuma. Stillinga har hovudansvar for bygningane på Nordfjord Folkemuseum. Søknadsfrist er 11. april.

Digitaliseringsdirektoratet (Digdir)

Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) søkjer ein erfaren systemutviklar som kan bidra til å vidareutvikle nasjonale fellesløysingar

10. Vil du modernisere og utvikle det nye Noreg? Kanskje kjenner du til ID-porten, Kontakt- og reservasjonsregisteret, ELMA eller eFormidling? Digitaliseringsdirektoratet søker ein erfaren Systemutviklar som kan bidra til å vidareutvikle nasjonale fellesløysingar. Dei tilbyr eit solid fagmiljø i Leikanger, og vil gjerne ha deg med på laget. Søknadsfrist er 14. april.

Sjå fleire ledige stillingar