Er dette månaden du skal ta steget og søke ny jobb i Vestland? Vi har plukka ut ti stillingar som er ledige akkurat no. Sjekk dei ut!
Rekneskapsselskapet ønskjer å styrke satsinga si i Sunnfjord og søker deg som enten allereie er autorisert rekneskapsførar, eller er villig til å lære deg faget med bakgrunn i di utdanning. Dei tilbyr fleksible arbeidstidsordningar, utviklingsmoglegheiter, moderne arbeidsverktøy og sosiale arrangement som gjer det kjekt å jobbe ilag. Arbeidsstad kan vere Dale, Leirvik eller Førde, eventuelt i ein kombinasjon:
Er du hjelpsam og har sterk IT-kompetanse? Eller er du kanskje ein seljar som er god til å bygge tillit? Proresult søker no etter to nye kollegaer, ein teknisk kundekonsulent til utviklaravdelinga i Førde, og ein salskonsulent (B2B Senior) med kontor enten i Førde eller i Lillestrøm:
Er du Proresult sin nye senior (B2B) salskonsulent, eller tekniske kundekonsulent?
Vil du jobbe i eit innovativt og solid selskap, med global marknad og base i Måløy? Då bør du sjekke ut desse stillingane frå Selstad. Selstad er ein internasjonal leverandør av kompetanse og utstyr til marine næringar, og har akkurat no lyst ut ledige stillingar både som lagermedarbeidar, ingeniør, marknadskoordinator og mariningeniør:
Har du helsefagleg utdanning og likar å finne gode løysingar for dei som treng det mest? Fjaler kommune søker helsefagarbeidar til ei full stilling i heimetenesta. Til den som får stillinga tilbyr dei mellom anna ein variert og kjekk kvardag med trivelege kollegaer, og eit introduksjonsprogram for nytilsette:
Ønskjer du å jobbe i eit energikonsern som er med og utviklar lokalsamfunnet i Sogn? I økonomiavdelinga til Sognekraft-konsernet er det aukande oppdragsmengde og dei opprettar derfor ny stilling som senior rekneskaps- og økonomirådgjevar. Er du den dei ser etter?
Sognekraft søker senior rekneskaps- og økonomirådgjevar.
Som fylkets største bank har Sparebanken Sogn og Fjordane ofte behov for rådgjevarar innan mange ulike områder, frå kreditt, sparing og finansiering til HR, IT og juss – og mykje meir. Banken kan tilby deg eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø med stor takhøgde, utfordrande arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter:
Ønsker du å bidra til at barn og unge skal ha ein trygg barndom og gode oppvekstvilkår? Som barnevernskonsulent i Årdal kommune vert du del av eit team på 5 med stoltheit og lidenskap for faget. I tillegg til meiningsfulle oppgåver tilbyr dei fleksitidsordning og kortare arbeidsdagar i sommarhalvåret, lån og tilskot til kjøp av bustad og tilgang på eiga bedriftshytte:
Sygnir er med på å ruste Sogn for ei framtid i det grøne skiftet og er i dag eit av dei 20 største nettselskapa i landet. Dei er stadig på jakt etter flinke folk, og ønskjer at du som kan tenke deg eit liv i Sogn og ei karriere innan fornybar energi, berekraft og utvikling tek kontakt. Kanskje er dei den rette arbeidsgjevaren for deg?
Vil du ha fast jobb mellom fjord og fjell? Er analyse og store datamengder midt i blinken for deg, og kunne du tenke deg å lære meir om frivillig sektor i Noreg? Lottstift søker deg som vil jobbe med innhenting, analyse og presentasjon av data i ei avdeling med 18 kjekke kollegaer. Dei tilbyr fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor, trening i arbeidstida, eige trimrom på huset og kantine med lunsjordning – mellom anna:
Søk jobb mellom fjord og fjell! Foto: Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Er du ein trygg og tillitsfull leiar som ønsker deg ein jobb med eit motiverande samfunnsoppdrag? Hos Digdir blir du del av eit arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman. Med kontor i Leikanger lev du tett på fantastiske naturopplevingar, samstundes som du har ein sentral jobb i norsk offentleg forvaltning: