Enivest

Nyheiter

10 ledige jobbar i januar

Fresh start på året og planar om ny jobb? Ta ein kikk på denne lista.

Enivest har fleire ledige stillingar

Enivest har passert godt over 20 000 kundar og ønskjer å knytte sterkare band til kundane med ei ny satsing: Avdelinga Sal og Oppfølging. Til den nye avdelinga treng dei to nye salsrådgjevarar.

Les meir her.

Dei ser også etter ein Nettverksutviklar (DevNet). Ønsker du å vere med å drifte og utvikle regionen sitt største ISP-Nettverk?

Les meir her.

Aurland kommune

Aurland kommune søker kommunikasjonskoordinator

Du vil samarbeide tett med både politisk og administrativ leiing i kommunen, og får ei sentral rolle i å koordinere informasjon eksternt og internt. Spennande stilling for deg som ønsker brei erfaring innan kommunikasjon.

Les meir her.

HVL søker samfunnskontakt

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for samfunnskontakt, har ledig stilling som samfunnskontakt i Førde. Ei nyoppretta stilling der du blant anna vil jobbe med å legge til rette for innovasjon og utvikling. Søknadsfrist er 16. januar.

Les meir her.

Rocketfarm

Rocketfarm søker head of marketing

Rakettgarden i Sogndal forventar stor vekst framover og ser difor etter ein kreativ type som tenker som ein entreprenør til stillinga som marknadssjef. Tilbake får du interessante og utfordrande oppgåver i eit venleg, entusiastisk og inkluderande miljø. Absolutt ein gjeng det er verdt å sjekke ut!

Les meir her.

Stryn kommune søker kommunalsjef samfunnsutvikling

Stryn kommune har gjort det stort i sosiale medium siste åra – og ikkje utan grunn. Omringa av naturopplevingar i verdsklasse, kan du no få jobben med å å utvikle kommunen i samhandling med ulike samfunnsaktørar. Velkommen som kollega, seier dei!

Les meir her.

Luster sparebank søker kunderådgjevar

Likar du å skape gode kundeopplevingar? Som kunderådgjevar vil du utvikle banken sine relasjonar til både eksisterande og nye kundar.

Les meir her.

Odda Ullensvang

Næringssjef Ullensvang

Friluftshovudstaden har eit næringsliv i stor utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, og jobben som næringssjef er ei av dei mest spanande stillingane i Vestland denne våren.

Les meir her.

Sogn og fjordane energi

Sogn og Fjordane Energi søker lønsmedarbeidar

SFE satsar på ei fornybar framtid i kampen mot klimakrisa. No ønsker dei deg med på laget og ser etter deg som har relevant utdanning eller erfaring innan løns- og HR-området.

Les meir her.

Finn jobb i Vestland