Vestland byr på både sol og ei rekke kule jobbar i mai. Denne gongen er det blant anna Norconsult, Evoy og Proresult som søker nye medarbeidarar.
Arbeidsoppgåvene spenner over mange ulike kommunikasjonsaktivitetar., og du vil mellom anna jobbe med å produsere, publisere og vedlikehalde innhald i HVL sine kanalar. Vel mellom Førde, Sogndal, Bergen, Stord eller Haugesund som arbeidsstad.
Ei spennande stilling som leiar for økonomifunksjonen med fem dyktige medarbeidarar, for deg som vil vere med å utvikle Sognekraftkonsernet.
Stillinga er tilknytt Ungdomsteamet ved NAV Sogndal og er eit vikariat. NAV kan freiste med meiningsfulle oppgåver og eit aktivt og hyggeleg arbeidsmiljø.
Er du nyutdanna økonom, eller har lyst på nye utfordringar? Då vil 15 medarbeidarar i avdeling for frivilligheitstøtte gjerne ha deg med på laget.
Som ingeniør i Evoy vil du få gleda av å bygge noko bærekraftig, verdifullt, unikt og elektrifiserande.
Vil du jobbe med sal i ei bedrift i sterk vekst? Proresult er eit spennende teknologiselskap med nye og moderne kontorlokale i Peak Sunnfjord.
Ønsker du å bli ein del av eit sjømatkonsern i vekst? Coast ser etter ein person som kan lede, motivere og vidareutvikle medarbeidarane i innkjøpsteamet.
Norconsult er Norges største fleirfaglege rådgjevar retta mot samfunnsplanlegging og prosjektering. No søker dei både ferske og erfarne medarbeidarar til kontora i Sogn og Fjordane.
Airlift tilbyr mange og varierte karrieremoglegheiter til motiverte og sjølvstendige teknikarar til line/base-vedlikehold av AS350/H125.
Her vil du jobbe breitt innan HR-området med både leiarstøtte og rekruttering, forvaltning og utvikling.