Jobb i Åsen & Øvrelid

Nyheiter

10 gode grunnar til å jobbe i Åsen og Øvrelid

Vil du jobbe i eit byggefirma med flat struktur, spennande prosjekt og god tilgang på sjokolade?

I spalta «10 gode grunnar» tek vi ein sommarprat med kule bedrifter i Vestland. Først ut er Sunnfjord.

Kva er det mest spennande som skjer i Åsen & Øvrelid akkurat no?

Det meste spennande som skjer hos oss for tida er knytt til digitalisering og bruk av 3D modell/BIM. Vi har nyleg tilsett eigen ressurs på dette fagfeltet og vil ha behov for fleire med denne kompetansen framover. Elles så er vi i sterk vekst på heile nordvestlandet og har eit breitt spekter av spanande byggeprosjekt på blokka dei kommande åra.

Kva er det mest attraktive med å jobbe i Åsen & Øvrelid?

Godt arbeidsmiljø med flat struktur der engasjement og initiativ blir verdsett og gjev moglegheiter for vidare utvikling og nye utfordringar.

Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?

Hos oss er det moglegheiter for alt frå korte digitale kurs til lengre permisjonar for vidareutdanning. I ÅØ har vi alt frå lærlingar til prosjektleiarar, så her er gode moglegheiter for å gå «Karrierestigen» internt, og veldig mange hos oss har gjort det.

Nemn tre små gode som gjer arbeidsdagen fin:

  1. Morgonkaffi før arbeidsdagen starter, der vi debatterer alt frå jobbrelaterte saker til små og store verdsproblem.
  2. Alltid opne dører og lett tilgjengelege kollegaer.
  3. Svært godt utval av firmadrops og sjokolage som er greitt å ha når blodsukkeret blir litt lavt på slutten av dagen.

Kva er Åsen & Øvrelid sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?

Vi er i ein bransje som har stort potensiale her. Vi har valt å sette dette på dagsorden. Første ledd i dette har vore å gjennomføre sertifisering som Miljøtårn, og i løpet av sommaren vil vi og vere sertifisert iht. miljøstandarden ISO 14001. Vidare deltek vi i utviklingsprosjektet E-Pilot saman med bl.a. BKK, der vi ser på moglegheiter for fossilfrie byggeplassar. I tillegg har vi masse interessant på prosjektnivå. Vi held bl.a. på å ferdigstille eit større skuleprosjekt der vi leverer 50% C02 avtrykk målt mot tradisjonell bygging.

Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?

Vår viktigaste oppgåve er å drive slik at vi kan forsette å være ein stor og trygg arbeidsplass i vår region. Vi ønsker og å være eit godt val for unge som ønsker seg til byggebransjen. Dette gjeld på alle nivå frå lærling til sivilingeniør. Vidare har vi alltid hatt stort fokus på gi delar av overskotet tilbake til lokalsamfunnet, og kvart år blir det sett av store beløp til sponsing av lag og organisasjonar.

Kor tid kokar det hos Åsen & Øvrelid?

Det kokar nok mest i samband med ferdigstilling av større prosjekt. I år har vi 4 store prosjekt som skal leverast til ferien, så no kokar det litt ekstra.

Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos Åsen & Øvrelid?

Vi skulle gjerne hatt større bunke og den skulle aller helst inneholdt søknadar frå motiverte fagarbeidarar i betongfaget.

Kven set spor på intervju?

Vi set ekstra pris på engasjement og dei som vel ÅØ for å utvikle seg vidare i arbeidslivet. Og så er det alltid ein fordel å være interessert i engelsk fotball og fortrinnsvis Manchester United.

Vis med eit bilde at det er godt å jobbe i Åsen & Øvrelid utan å seie det:

Arbeidsmiljø Åsen & Øvrelid
Jobb i Åsen & Øvrelid