WIS Installasjon i Florø årets Gaselle-bedrift i Sogn og Fjordane

Skriven 21.10.2014 under Nyheiter

68 bedrifter i Sogn og Fjordane oppfylte kriteria for å bli Gasellebedrift. Sogn og Fjordane er nr. 2 i tal gasellebedrifter per innbyggjar.  

Gasellebedriftene vert årleg kåra av avisa Dagens Næringsliv.

Gasellebedrifter må ha:

  • Levert godkjende rekneskapar.
  • Minst dobla omsetnaden over fire år.
  • Omsetnad på over éin million kroner første år.
  • Positivt samla driftsresultat.
  • Unngått negativ vekst.
  • Vore aksjeselskap.

Gasellene utgjer rundt 2 prosent av alle selskap.

Les meir:

  • Sogn og Fjordane nummer to på lista over tal gaseller per innbyggjar!
  • Sjå innslag om WIS Installasjon på DN-TV
  • Sjå lista med Gaselle-bedrifter i Sogn og Fjordane 2010
  • Sjå omtale av WIS Installasjon på firda.no

Det er første gong WIS Installasjon i Florø er på lista for Sogn og Fjordane, og dei har gått rett til topps.I følgje Dagens Næringsliv starta mangel på kvalifisert arbeidskraft til at WIS Installasjon vart etablert i Florø i 2006, som eit rekurtteringsbyrå for utanlandsk personell. I dag har selskapet 116 tilsette, dei fleste frå Polen og Litauen.Dagleg leiar Jørgen Agledal (50) trur likevel ikkje at firmaet klarar å oppretthalde same kativitet i 2011 som i 2010.– Marknaden har vore overoppheta. No vert det ikkje lenger bygd skip på spekulajsonar. Samstundes har det bygd seg opp stor kapasitet i marknaden som vi må konkurrere med, seier Agledal.Versemda er eit dotterselskap av West Industri Service som vart etablert i 1974. Morselskapet står for prefabrikasjon av røyr, som WIS Installasjon installerer om bord i skipa.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.