Ordsky 768x512

Visste du at…?

Skriven 18.12.2017 under Nyheiter

Sogn og Fjordane er landets best bevarte skattekiste. På tide å dele innhaldet?

Visste du at Brødrene Aa i Hyen er verdsleiande på hurtigbåter i karbonfiber, at Highsoft i Vik har 82 av verdas største selskap på kundelista, at halvparten av alle moreller i Norge kjem frå Lærdal, at Strukturplast produserer den sterkaste plasten som finst eller at radiostasjonar i ti land brukar DAB-teknologien til Paneda i Selje?

For det må heile verda få vite. Og nøkkelen ligg hos meg og deg.

Sogn og Fjordane sit i dag på løysinga til ei rekkje av dei globale utfordringane vi står ovanfor. Verdsomspennande vekstbransjar som havrom, fornybar energi, reiseliv og berekraftig matproduksjon er alle bransjar der vi er representert med framtredande, og til tider verdsleiande, bedrifter. Når vi i tillegg har dei beste skulane, den lågaste arbeidsløysa, minst kriminalitet, og det villaste friluftlivet i landet sit vi på ei skattekiste som få andre kan konkurrere med.

Den teknologiske utviklinga har aldri gått så fort som no, men vil heller aldri gå så langsomt som no. Det er i dag betre å vere liten og rask, enn stor og sein. Slik er pulsen i dagens næringsliv, og det er difor ein styrke å vere bedriftsleiar i eit fylke der tette nettverk fører til generøs kunnskapsdeling og raske beslutningar. Vårt fortrinn er at vi er små, handlekraftige og har kjapp gjennomføringsevne.

For samarbeid gjev resultat. Dei siste tre åra har Framtidsfylket fått inn over 1000 søknader til dei tverrfaglege traineestillingane vi lyser ut. 75 prosent av søkjarane kjem utanfrå Sogn og Fjordane, og samtlege sit på enten bachelor eller mastergrad. Dette er eit tydeleg signal om at det er mange som kan tenkje seg å flytte til fylket – så lenge dei får relevante og interessante jobbar der dei kan bruke kunnskapen sin. Dette må vi vidareutvikle, slik at enno fleire får ein smakebit.

Sogn og Fjordane Næringsråd og Framtidsfylket vil saman med næringslivet i Sogn og Fjordane i tida framover jobbe for å vise fram merkevara Sogn og Fjordane. Målet er ikkje å skape eit glorifisert glansbilete av fylket, men å fortelle omverda om dei faktiske kvalitetane som finst nettopp her. Gapet mellom opplevd og kommunisert verdi må tettast, og ein avgjerande suksessfaktor vil vere at heile Sogn og Fjordane jobbar saman for å oppnå dette.

Tenk tanken.

Kan Sogn og Fjordane bli kjend for karriere, teknologi og innovativt næringsliv? For dei naturgjevne ressursane våre som resten av verda vil trakte etter i framtida? Kan vi gravleggje gamle stereotypiar, og ta vår posisjon som ein framtidsretta og berekraftig region? Kan Sogn og Fjordane bli synonymt med eit mekka for gründerskap og gode idear, der den digitale infrastrukturen opnar for uendelege mulegheiter?

No skal vi saman skape ei nytt, offensivt og positivt omdømme. Ei merkevare som viser kvalitetane og mulegheitene i Sogn og Fjordane.

Tenk om alle visste at Lefdal Mine er det største og grønaste datalagringsselskap i Europa, at Brødrene Dahl i Dale er verdsleiande på prosjektering av småkraft, at 24 av 30 nye batteri- og hybridferjer har design frå Multi Maritime i Førde, at PGS valde Florø som ny base mot verda i konkurranse med 35 havner, og at alle iphonar i verda har silisium frå Elkem i Svelgen.

Tenk tanken. Spre den. Det er du og eg som bygger merkevare.

Gro Rukan, Framtidsfylket og Leon Bakkebø, Sogn og Fjordane Næringsråd.