Vis styrke i ei vanskeleg tid

Skriven 19.03.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Som dei fleste andre er vi i Framtidsfylket sjokkerte, bekymra og litt redde. Men vi er også gira. Gira på å få ting tilbake til det normale. Gira på å få vist fram jobbmoglegheitene som finst i fylket vi er så stolte av.

At eit virus, som få kjente til for ei lita tid tilbake, plutseleg skulle påverke oss i så stor grad, var det nok få som såg føre seg. Samfunnet har nærmast stoppa opp, og vi ser at konsekvensane allereie har blitt store. Først og fremst for dei som vert sjuke eller opplever at dei nærmaste vert det. Men også for næringslivet treff viruset hardt.

Finn den indre driven
Vi håpar bedriftene i Vestland finn fram den indre driven og kjempar seg gjennom dette. At ein finn alternative løysingar til å få bedrifta til å gå rundt. For det er jo nettopp dette bedriftene her er gode på – å snu seg fort rundt. Tilpasse seg situasjonar. Og kven veit, kanskje det oppstår nye geniale idear i tida som kjem?

Vi i Framtidsfylket har rigga oss godt til rette med heimekontor. Med breiband frå Enivest og videomøte gjennom Måløy-bedrifta Videonor sitt verkty, Whereby, går drifta (nesten) som normalt.

Vi vil hjelpe
Som ein konsekvens av viruset har vi meir tid til å utarbeide saker, tekstar og fortelle dei gode historiene. Kanskje nettopp du har tips til ein god karriereprat? Eller kanskje du vil ha hjelp til å sprite opp bedriftsprofilen din? Kontakt oss. Vi vil gjerne hjelpe, utan at det kostar deg noko.

For å «lette litt på trykket» for bedriftene har vi no bestemt oss for å fjerne abonnementsløysinga på portalen vår slik den er i dag. Det blir med andre ord gratis å legge ut stillingar for nye kundar, fram til vi er oppe og går med ny løysing. For det er nettopp nye løysingar vi i Framtidsfylket jobbar med i desse dagar.

Framtidsretta arbeid
Stikkord her er nye produkt og tenester som skal hjelpe deg som arbeidsgjevar å nå ein krevjande og differensiert arbeidsmarknad. Vidare kan vi røpe at vi jobbar med å forme ein ny nettstad. Ein nettstad og portal med oppdaterte tekniske løysingar som skal gjere rekrutteringsjobben lettare for deg og di bedrift. Vi ser med andre ord framover, og både trur og håpar at vi får servere #JobbOgSveleTilFolket igjen om ikkje så lenge!

Vask henda, hold avstand og smil til kvarandre.

 

Kjærleik frå oss i Framtidsfylket

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.