Vil du jobbe som forretningsutviklar i eit ungt og spennande kontormiljø?

Skriven 28.05.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Då burde du sjå kva Kunnskapsparken Sogn og Fjordane har i vente for deg på PEAK Sunnfjord i Førde.

Søk på stillinga som forretningsutviklar med prosjektleiingskompetanse.

 

Tuva Eide frå Stavanger har jobba i Kunnskapsparken i nærmare to år. No vender ho snuten mot Trøndelag saman med sambuaren, og derfor opnar det seg ei ledig stilling.

 

Arbeidsmiljø i verdsklasse

– Her er det både eit ungdommeleg og godt miljø. Det er kjempesosialt og ein god moglegheit til å etablere nettverk på tvers av ei rekke fagområde. PEAK Sunnfjord er rett og slett ein heilt super arbeidsplass med hyggelege menneske rundt kvart eit hjørne, seier Eide. 

Ho legg til at gaming-rom med bilsimulator, bordtennis og dart er ein ekstra godbit mellom spennande jobbtimar. I tillegg sørgar festkomitéen for å samle tilsette frå samtlige bedrifter til hyggekveldar fleire gonger i året.

 

Gir stafettpinnen vidare

– Det er både ein jobb og ein arbeidsplass det blir vemodig å forlate. Eg skal fortsatt ha litt kontakt med Kunnskapsparken, då eg fortsatt sit med hovudet inne i eit prosjekt, også etter at eg har slutta, forklarar den avtroppande forretningsutviklaren.

 

Forretningsteft

Dagleg leiar i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Kjetil Kvåle, ønskjer at erstattaren til Tuva er ein sjølvstendig person – ein person som ser moglegheitene og fangar opp “trendar i tida”, og som kommuniserer godt med personar og bedrifter. Ein må også ha forretningsteft, samt å kunne leie prosjekt. Vedkomande må kunne vere mentor og pådrivar for oppstartsbedrifter, forklar han.

 

– Stor verktykasse å spele på

– Det er svært givande å kunne jobbe med oppstartsbedrifter, og bidra til at nye arbeidsplassar ser dagens lys, eller at eksisterande bedrifter veks. Gjennom omfattande samarbeid med næringslivet (lokalt, regionalt og nasjonalt), kommunar, Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet m.fl. får ein jobbe med mange ulike folk og strukturar.

Kvåle trekker spesielt fram inkubatoren – eit nasjonalt verkemiddel for nyskapande gründarar og bedrifter. Samtidig har vi også kapital i bakhand. Dette gjer at vi har ei stor verktykasse å spele på, seier den daglege leiaren.

 

Vil setje spor

Kvåle meiner at Kunnskapsparken er eit innovasjonsselskap som set spor etter seg. 

– Ikkje berre bidreg vi til næringsutvikling og oppstartsbedrifter. Vi bidreg til og støttar opp under ulike prosjekt, innovasjonsmiljø og aktivitetar som igjen legg til rette for vekst og utvikling, avsluttar Kvåle. 

 

Er du klar for å jobbe som Forretningsutviklar for Kunnskapsparken Sogn og Fjordane? Då vil dei høre får deg no!

Send inn søknad!

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.