Vil du jobbe med oss?

Skriven 13.11.2018 under Nyheiter

Lyst på brei erfaring innan marknad og kommunikasjon på kort tid? Då skal du søke jobb hos oss.

Kvardagen i Framtidsfylket er variert, hektisk og givande. Kvar dag vrir vi hovuda våre for å finne ut korleis vi på best mogleg måte kan marknadsføre Sogn og Fjordane som eit attraktivt bu- og arbeidsområde. Vi skriv tekstar, snakkar med næringslivet, er aktive i sosiale medium, arrangerer karrieremesser, har vårt eige traineeprogram, lyser ut ledige stillingar, køyrer kampanjar og mykje meir.

Om du ønsker å ta del i dette og samtidig opparbeide deg brei erfaring innan marknad og kommunikasjon, skal du sjekke ut den ledige stillinga vår. Vi ser etter deg som brenn for å marknadsføre Sogn og Fjordane, samtidig som du er opptatt av det lokale næringslivet. Stillinga er eit 10 månader langt vikariat, men også ein sjanse til å føre opp mange nye erfaringar på CV-en og å bli kjent med eit innovativt og spennande næringsliv.

Meir info om jobben som Marknads- og kommunikasjonsmedarbeidar finn du her. 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.