Vil du bli millionær?

Skriven 25.09.2019 under Nyheiter, Ukategorisert

Framtidsfylket står på stand på karrieredag i Oslo og Stavanger i morgon. Vi har med oss ledige stillingar, gode karrieretips og flaxlodd. Møt opp for ein god prat. Kanskje du stikk av med ein million?

Om du ikkje vinn konkurransen om flaxlodd, kan du likevel ha flaks om du kjem innom standen vår. Du får nemleg sjansen til å bli kjent med alt det spennande Sogn og Fjordane har å by på. Vi kjenner næringslivet i fylket godt, og kan hjelpe deg i jakta på å finne draumejobben.

Kanskje det er ei traineestilling som passar deg best? Då kan vi fortelje deg at vi har det største regionale traineeprogrammet i landet. Kom innom for ein prat! Vi lovar at du ikkje kjem til å angre.

 

Stavanger

Stad: Universitetet i Stavanger
Tidspunkt: 10.00 – 15.00
Adresse: Kristine Bonnevies vei 25, 4021 Stavanger

Meir informasjon om Karrieredagen 2019

 

Oslo

Stad: Georg Sverdrups hus, Universitetsbiblioteket
Tidspunkt: 11.00 – 15.00
Adresse: Moltke Moes vei 39, 0851 Oslo

Meir informasjon om Karriereuka 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.