Vi gjentar suksessen: Ny digital jobbmesse

Skriven 14.09.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Jobbjakt frå sofaen vart godt mottatt av både bedrifter og besøkande. No køyrer vi ny runde med digital jobbmesse.

– Rekruttering er ein langsiktig prosess. Sjølv om bedrifta di ikkje har ledig stilling akkurat no, er digital jobbmesse ein arena du kan møte potensielle arbeidstakarar på. Opplegget er digitalt, effektivt og rimeleg. Perfekt for travle bedrifter i ei tid med færre fysiske møter.

Her kan du melde bedrifta di på Digital jobbmesse

Det seier Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket. Ho er opptatt av at næringslivet og andre verksemder i fylket syner seg fram og knyt kontakt med studentar og potensielle jobbsøkarar på eit tidleg stadium.

– Vi må vise at vi har eit attraktivt og innovativt arbeidsliv her i vest, understrekar ho.

Ny tilsett etter digital jobbmesse

For ei tid tilbake kunne du lese at Stine Bortheim fekk jobb i Intin etter vår aller første digitale jobbmesse. Ho skildrar eit lettvint og smart konsept, der ein enkelt kan komme i kontakt med sin framtidige arbeidsgjevar.

No sikrar vi fleire bedrifter moglegheita til å kapre sin «Stine» Datoen du må merke deg er 1. oktober, og her kan du melde deg på.

2500 besøkande på virtuelt messeområde

424 unike brukarar deltok på førre digitale jobbmesse. I tidsrommet før og etter messa var heile 2500 brukarar innom standane på Framtidsfylket sitt virtuelle messeområde. Dei ti påmeldte bedriftene tok i mot til saman 268 cv-ar.

– Den førre messa var eit prøveprosjekt. Vi inviterte med oss ti bedrifter som vi visste hadde ledige stillingar på det tidspunktet. Det gav i full klaff hos minst éi bedrift. Om vi gonger påmeldte bedrifter med fem, klarar vi då å få fem nye tilsette rundt om i bedriftene våre etter messa, undrar Hovland?

Les meir om digital jobbmesse her.

Synleg for jobbsøkarar i ein månad

Bedriftene som er påmeldt messa har standen sin synleg i ein månad. Det vil seie at ein kan ta i mot cv-ar både før og etter tidspunktet for messa.

– Derfor er det ein stor fordel å melde seg på så tidleg som mogleg, og legge inn eventuelle ledige stillingar. Avtal gjerne videosamtalar i forkant, rådar Hovland.

Strategisk val av messetidspunkt

Det er stor etterspørsel etter nyutdanna med it-kompetanse, og Framtidsfylket har difor valt ein strategisk dato.

– Vi har sjekka med leverandøren og lagt messa vår etter messene til Telenor, Yara og Equinor, og ikkje minst etter NTNU si messe. Det betyr at det er mange brukarar i systemet med kompetanse som vi veit er riktig og viktig for fleire av bedriftene i fylket vårt, seier Hovland.

Det einaste du som bedrift må gjere er å melde seg på og vere tilgjengeleg i tidsrommet messa er. Det er opp til kvar enkelt bedrift kor aktiv ein er, men vi oppmodar sjølvsagt til å ta i bruk verktøy som videosamtale og chat. Her kan du melde på bedrifta di.

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.