Veronicacoast 768x512

Veronica Lofnes Silden

Skriven 26.09.2017 under Trainee

Utdanning

Eg starta mi utdaning ved å ta ein Bachelor i Logistikk og Supply Chain Management på Høgskulen i Molde. Under bacheloren tok eg eit semester i Australia, etter dette opphaldet bestemte eg meg for å ta ein Master of Science in Logstics, også ved Høgskolen i Molde. Her fekk eg vere ein del av eit internasjonalt miljø, der eg hadde medstudentar frå heile verda.

Traineestilling

I løpet av mitt trainee år skal eg jobbe i logistikk avdelinga til Coast Seafood AS i Måløy. Der eg no jobbar som ein del av den daglege drifta i logistikkavdelinga med både fly og bil til Europa. Saman med kollegaene mine skal eg sørge for at fisken blir pakka til rett kunde og til rette spesifikasjonar. Vi skal også sørge for at alle dokumenta er i orden og følgje opp fisken heilt til den er framme hos kunden.

Eg har og fått i oppgåve å organisere og planlegge eit logistikkseminar som vi skal arrangere i Oslo hausten 2017. Her blir eg enda betre kjend med samarbeidspartnerane og leverandørane som vi jobbar med til dagleg.

Difor søkte eg traineestillinga

Det å byrja som trainee var noko eg hadde ei sterkt ønske om. Når ein er trainee får ein tett oppfølging av mentorer, samtidig som ein får prøvd seg på ulike arbeidsområde. Gjennom traineestillinga får eg og ein unik moglegheit til å knyte nettverk og bli kjend med eige fylke og det drivande næringslivet.

Eg har alltid hatt ein draum om å flytte tilbake til Måløy, men det var nok ikkje heilt i planlagt å flytte tilbake så raskt etter studiane. Dette endra seg fort då eg såg trainee stillinga til Coast Seafood, eg kunne ikkje la denne moglegheita gå frå meg. Coast Seafood er ei av dei mest kjende bedriftene i fylket og det har alltid vore eit ønske å kunne jobbe i ei slik bedrift.