Velkommen som bedriftsdeltakar på karrieremessa i Bergen!

Skriven 08.01.2019 under Ukategorisert

På denne sida vil vi legge ut all praktisk informasjon knytta til karrieremessa.

Tidskjema:
12.00 – 17.00: Rigging
17.00 – 17.15: Pep talk med Linda
17.30 – 21.15 – Messeprogram
21.15 – Nedrigg
21.30 – Dei som vil samlast til etterfest på Cafè Opera. Adresse: Engen 18, 5011 Bergen.

Adresse Grieghallen: Edvard Griegs plass 1, 5015 Bergen

Parkering: Parkeringskjellar under Grieghallen.

For dei som parkerer under Grieghallen i Griegpark og ønskjer 30 prosent rabatt, så må de ta med dykk parkeringsbilletten tilbake til hotellet. Viktig at de IKKJE registrerer kortet ved innkjørsel, men trykkjer på billett. Den vil bli stempla på hotellet, og ein betalar før ein køyrer ut.

Leveringsadresse: Merk sendinga slik: Firmanamnet dykkar, c/o Grieghallen AS, Edvard Griegs plass 1, 5015 Bergen, mrk: «Framtidsfylket Karrieremesse»

Frakt:
For å sende materiell i forkant sender de dette til adressa som står over. Markér sendingane godt med «Framtidsfylket karrieremesser». Hugs også å bestille returfrakt!

Stand: alle som treng vil få tilgang på

  • Straum
  • Ståbord
  • Wifi
  • Avgrensa 3 x 1,5 m golvareal til stand
  • NB: Ta gjerne med ekstra skøyteledning
  • Om de ønsker skjermar, oppheng eller ved spørsmål ber vi dykk om å ta kontakt med messelokala direkte.

Overnatting:

Booking skjer direkte til hotellet. Vi har skaffa rabattkodar frå hotella vi skal bu på, slik at alle får ein fordelaktig pris.

Hotell: Scandic Ørnen, Lars Hilles gate 18, 5008 Bergen
Kontaktnummer: 55 37 50 00
Pris pr rom: 1240,-  (standardrom inkl. frukost)
Rabattkode: 46801277
Bookingfrist: 10. januar 2019
Parkering: Overnatting på Scandic Ørnen gir rabatt både i bygarasjen og parkeringshuset under Grieghallen. Trekk billett som vanleg og snakk med resepsjonen.

Hugs å:

  • Legge ut ledige stillingar og sommarjobbar på framtidsfylket.no. No er det høgsesong for trafikk på framtidsfylket.no!
  • Melde ifrå kven som skal stå på stand for dykk slik at vi kan gjere klar namneskilt og bestille riktig mengde mat.

Marknadsføring:

Marknadsfør dykk i forkant av messene! Uavhengig om de har ute ledige stillingar eller ikkje, bruk facebooksidene dykkar, heimesidene, nyheitsbrev, og fortel folk at dei kan møte dykk. Del gjerne kva kompetanse de ser etter!

Jungeltelegrafen virkar! Oppfordre alle de kjenner i Bergen til å kome, og å invitere med ein ven på messene – bruk både privat- og jobbnettverk! Her er lenke til facebook-arrangementet i Bergen. Inviter, inviter og inviter! 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.