Vanessa Cristal Salvador Eide

Skriven 28.09.2018 under Trainee

Utdanning

Eg er ingeniørutdanna innan elektro – Energi, elkraft og miljø ved Høgskulen på Vestlandet avd. Førde, og er no i utdanningsløp mot master i energi, studieretning Energiteknologi ved Universitetet i Bergen.

Traineestilling

Eg er tilsett som trainee innan IKT og digitalisering i konsernet Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) på Sandane. Der skal eg arbeide tett opp mot alle dei tre verksemdsområda produksjon, nett og kraftsal. Dei ulike selskapa i konsernet har fleire store forskings- og utviklingsarbeid knytt til digitalisering. Dei fleste samlar eller produserer store mengder data, og ein vil no skape meirverdi ut av denne datamengda for brukarar og leiing i SFE. Som trainee på IKT- utvikling skal eg arbeide aktivt opp mot desse prosjekta, og hjelpe fagmiljøa våre til å nytte innsamla data meir aktivt gjennom analyse, visualisering og presentasjon av informasjon, mønster og trendar i interne og eksterne data.

Difor søkte eg traineestillinga

Val av tema i både bachelor- og masteroppgåve synleggjer mi interesse for dagens problemstillingar som utfordrar samfunnet vårt. Ny teknologi vil forbetre måtane vi arbeider saman på, og digitale verktøy blir nødvendig for å løyse daglege utfordringar. Eg synest at jobben i SFE er relevant med min bakgrunn, samt at arbeidsoppgåver inneber mange fagområde som eg er spesielt interessert i.

Både bachelor- og masteroppgåve har vore i samarbeid med SFE Nett. Eg trivast og har hatt stort utbytte av samarbeidet med tilsette i SFE.

Framtidsfylket Trainee er ein perfekt inngang til arbeidslivet og vegen til draumestillinga. Som nyutdanna med avgrensa arbeidserfaring, får ein moglegheit til å arbeide med ulike fagfelt i både privat og offentleg sektor. Eg får rettleiing i korleis eg skal bruke mine teoretiske kunnskapar i det verkeleg liv. Det å ha leiar og mentor i bedrifta som kan følgje meg opp var noko som også verkar spennande.

Framtidsfylket er ein god støttespelar som gjer til at ein byggjer eit verdifullt nettverk gjennom samlingane gjennom å bli kjend med både andre traineear og næringslivet i Sogn og Fjordane.

Framtidsfylket Trainee er pådrivar. Eg ser det slik fordi eg måtte spørje meg om eg har vilje og pågangsmot til å ta til på eit unikt år som vil krevje mykje av meg. Som trainee vil eg få utfordringar og spesialisering innanfor ulike fagområde og samtidig få breiddekunnskap om bedrifta.

Forventningar

Eg gler meg stort til dette året fordi eg trur at eg vil få moglegheit til å utvikle meg både fagleg og som person. Eigenutvikling er ein faktor som eg set høgt. Det er viktig å kjenne seg sjølv og vere bevisst på å styrke sine positive sider. Svake sider kan gradvis endrast, men på ein måte som gjer at ein kjenner seg komfortabel. Meir sjølvstendig arbeid på fleire arenaer vil gje auka sjølvtillit, noko SFE er positive til å støtte opp under.

Eg vil lære å handtere nye jobbrelaterte utfordringar på ein konkret og effektiv måte, vere litt kritisk til etablerte løysingar, kunne sjå moglegheiter, sjå framover og skape fellesskap. Gjennom fagleg utvikling og aktivt engasjement i team vil eg kunne bli ein positiv ressurs for å påverke utviklinga i SFE, ikkje berre som bedrift, men som eit arbeidsfellesskap med felles mål.

Refleksjonar rundt karrieremoglegheitene i Sogn og Fjordane

Eg synest karrieremoglegheitene er gode og varierte, noko Sogn og Fjordane har skapt over lenger tid. Mange bedrifter er med i traineeordninga, noko som er positivt for utvikling av fagkompetanse i fylket. I tillegg til jobb i eit aktivt fagmiljø med god og variert kompetanse, er ein trygg buplass med gode moglegheiter for friluftsliv avgjerande. Dette kan Sogn og Fjordane by på i stor skala.

Framtidsutsikter

Det vil alltid vere vanskeleg å spå korleis utviklinga blir. Nedgang i tal arbeidsplassar både privat og offentleg tenkjer eg i framtida vil medføre auka konkurranse for å skaffe seg jobb. Eit forholdsvis stort variert næringsliv vil gjere Sogn og Fjordane meir og meir populært. Dette vil kunne gje auka tal søkjarar og vere ein positiv faktor i høve befolkningsutvikling.

Det verkar for at det no er ein trend der unge kjem heimatt med variert og god kompetanse, noko som vil styrke både næringslivet og by- og bygdemiljøa i fylket.

Globalt er det samfunnsmessig ei kontinuerleg utvikling med forbetring og effektivisering. Det verkar som Sogn og Fjordane er bevisst på dette og har fokus på korleis sikre vidare utvikling i bedrifter lokalt. Eg trur og håpar at dette vil halde fram i tråd med målsettinga til Framtidsfylket, noko som vil sikre ei god utvikling for Sogn og Fjordane med tanke på sysselsetting og produksjon.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.