Turekspertane deler sine beste tips for årets påske

Skriven 06.04.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Sambuarane Tore Friele Lie og Lisbeth Bringebøen lever draumelivet side om side med naturen i Sogndal. No deler dei sine turtips med deg som vil nyte ei kortreist påske i ei krevande tid.

– Vi trivst utruleg bra i Sogndal. Her er vi utruleg priviligerte, og kan heile tida bruke naturen rundt oss.  Då eg flytta hit, starta det med ski- og turmiljø. Det er framleis det eg vil gjere her, seier Tore.

Turglad trønder 

Tore er født og oppvaksen i trøndelags-kommunen Malvik. Som utdanna sivilingeniør, jobba han offshore og brukte fritida si på å besøke vener i Sogndal for å stå på ski. Til slutt vart saftbygda ny heimstad for trønderen, då han begynte å fikle med ein gamal hobby med foto og drone. Dette resulterte i Falkeblikk AS, der han er dagleg leiar.

Ovanfor: Tore @ Tylderingen, Sogndalsfjøra.

Vidfaren sogning

Sjølv om vegen til Sogndal ikkje var lang frå Luster der ho vaks opp, hadde Lisbeth fleire stopp undervegs på ferda. Etter to mastergrader, med utveksling i England, Tyskland og New Zealand, Framtidsfylket sitt traineeprogram og Sogn og Fjordane fylkeskommune, vart Sogndal ny heimstad. Her jobbar ho som rådgjevar for internasjonalisering på Høgskulen på Vestlandet og er sjølvstendig næringsdrivande ved sida av.

Ovanfor: Lisbeth @ Molden i Luster.

Ei krevjande tid treng ikkje legge dempar for påskefeiringa

Sidan skispora til Tore og Lisbeth kryssa kvarandre gjennom felles vener for fleire år sidan, har dei hatt ei rekke minneverdige turar og opplevingar utanfor dei fire veggane sine. Frå kontoret sitt heime i stova, fortel paret om kva dei tenkjer er viktig for deg som vil ha det kjekt i påska:

  • Kom dykk ut, unngå brakkesjuka!
  • Føl råda frå offentleg mynde.
  • Bruk nærmiljøet.
  • Ikkje gå krevjande og utfordrande toppturar. Helsevesenet treng ressursane sine til viktigare oppgåver enn dei som jaktar utfordringar.
  • Det kan vere mange skjulte perler som du enno ikkje har oppdaga. Sjølv har vi ikkje gått alle fjella i Sogndal.
  • Lag god mat som ikkje treng mykje tilbredning, som til dømes jegergryte med potetmos, og havregryn med tørka eple til frukost.
  • Et MYKJE sjokolade 🙂

Her er turfavorittane til Tore og Lisbeth for påska:

Båltur i skogen

Ein enkel klassikar for å kome seg ut i naturen nesten kvar som helst, kan gjerast som dagstur eller overnattingstur. Ta med pølse eller annan snacks, og overnatt under ein tarp, gapahuk, eller i hengekøye.

Ovanfor: Bålfyring, Amlaholten.

Kajakk på fjorden

Padle langs fjorden og oppdag bortgøymde bukter, strender og dyreliv. Fleire kommunar har utleige av kajakk, men hugs at du som regel må ha våtkort for å få løyve til å leige.

Ovanfor: Kajakk i Nærøyfjorden.

Sykkeltur

Det er mange stader der snøen har smelta på grusvegar og stiar, og som kan innby til fine sykkelturar.

Fjellskitur

  • Spenn på fjellskia og ta ein tur innover fjellheimen.
  • Høgehaug i Sogndalsdalen er ein fin fjellskitur. Opptråkka løype frå Sogndal Skisenter.
  • Tur fra Breheimsenteret i Jostedalen og inn til Nigardsbreen er eit fint alternativ. Her er det lurt å ha med feller sidan det er ein del oppoverbakke mot breen. Ver forsiktig om du går nær breen og inn i isgrottene, då breen er i konstant bevegelse og kan rase.

Ovanfor: Nigardsbreen.

Fjelltur

Du skal i desse dagar utvise ekstra varsemdt ved ferdsel i fjellet, men det er framleis mange fjell som ikkje er så bratte.

  • Kjeringifjell ved Leikanger i Sogndal. Turen startar på Kleppa skisenter, og det er tråkka turskiløype langt oppover mot Kjeringifjell.
  • Tylderingen i Sogndalsdalen. Mykje nytta turfjell på solsida av dalen.
  • Molden i Luster. Fjell med flott fjordutsikt både innover og utover Lustrafjorden. Om du ikkje ynskjer å gå helt til toppen, er det òg utmerka utsikt ved selet på Svarthiller.

Ovanfor: Kjerringifjell ved Leikanger.

God tur, og god påske!

(Alle bilete i saka er private bilete frå Tore Friele Lie og Lisbeth Bringebøen, og er publisert med løyve.)

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.