Påmelding karrieremesse
Trond 768x512

Trond Arild Bolset

Skriven 25.09.2017 under Trainee

Utdanning

Eg har studert ingeniørfag innan Elektro- og Automatiseringsteknikk ved Høgskulen på Vestlandet. I tillegg har eg vert tilsett i Førde Elektro og Rør, der eg tok fagbrev som elektrikar.

Traineestilling

Eg er tilsett som trainee – Prosjektingeniør i Normatic AS, avdeling Førde. Her skal eg arbeide med automatiserte system, hovudsakleg innan byggautomatisjon. Dette inneberer programmering av PLS-er, konfigurering av topp- og styringssystem, idriftsetting av automatikk/prosess-anlegg og systemintegrasjon.

Difor søkte eg traineestillinga

Eg var ute etter ein stilling der eg arbeider med automatisering, som programmering av fysiske komponentar som blir brukt i automatiserte system. Derfor passar stillinga i Normatic perfekt for meg. Normatic er ein bedrift der eg kan få brei erfaring innan automatisering, som programmering, systemintegrasjon og styresystem. Via framtidsfylket sine traineesamlingar får eg kjennskap til fleire bedrifter i fylket. I tillegg Får eg bygd eit godt sosialt og faglig nettverk med andre yrkesgrupper i lokalområdet. I samarbeid med framtidsfylke får eg eit ekstra støttegrunnlag, der fleire parter ønsker eg skal bli best mogleg i det eg arbeider med.