Påmelding karrieremesse
Trineaksello 768x512

Trine Vederhus

Skriven 25.09.2017 under Trainee

Utdanning

Eg har ei dobbel bachelorgrad frå BI Bergen i reiselivsleiing, samt økonomi og administrasjon.

Traineestilling

Eg er trainee hos Aksello i Florø. Dette er eit selskap som bistår med rådgjeving i prosessen frå ide til marknad innan nyskaping og næringsutvikling i nye og etablerte selskap. Her skal eg være innom alle område i selskapet; administrativt, førstelinjetenesta med Heidi Felle, inkubator med Vanja Viken og prosjektarbeid med Arne Olsen. Etter kvart som eg har fått litt kjennskap til det Aksello jobbar med, skal vi finne eitt eller fleire områder eg skal jobbe vidare med.

Difor søkte eg traineestillinga

Eg søkte på stillinga fordi eg synast den passa meg perfekt og verka veldig spennande. Eg har alltid vore opptatt av nyskaping og utvikling, så for meg var det eit naturleg steg å søkje denne stillinga. Traineeordningar er eg veldig tilhengjar av, fordi ein får ofte betre innsikt i selskapet enn om eg hadde vore tilsett til ein spesifikk stilling. Personleg likar eg å få eit godt overblikk over selskapet eg jobba for, slik eg kan forstå heilskapen og vere med på vidareutvikling.

Gjennom Framtidsfylkets traineeordning får eg moglegheit til å verte kjend med dei andre traineene. Det er ein bra arena for å byggje nettverk med andre som har ulik bakgrunn og kompetanse. Ved å utveksle erfaringar kan vi lære av kvarandre og byggje ny kunnskap. Eg likar at vi skal ha samlingane ulike plassar og tileigne oss kunnskap frå næringslivet i fylket. Dette er perfekt for min jobb i Aksello. Det er også gledeleg at vi tar i bruk fylket og får oppleve den nydelege naturen og dei aktivitetane Sogn og Fjordane har å by på.