– Traineeprogrammet i Sogn og Fjordane er ein suksess

Skriven 21.10.2014 under Nyheiter

Heile 70 prosent av traineeane i Framtidsfylket Trainee har blitt verande i Sogn og Fjordane etter traineeperioden. Dette vitnar om at programmet har vore ein suksess, i følgje karrieremagasinet Kaleidoskopet som har undersøkt traineeprogram over heile landet.

I desse dagar er dei 11 traineeane i Framtidsfylket Trainee 2010-2011 på si første samling, i Smørhamn i Bremanger (biletet). Og i følgje statistikken kjem dei fleste av dei til å bli verande Sogn og Fjordane.

For magasinet Kaleidoskopet har gjennomført ei omfattande undersøking om karrierevegane til tidlegare traineear. Magasinet har kontakta traineeprogram over heile landet for å finne ut kva dei som har vore trainee tidlegare gjer i dag.Og det regionale traineeprogrammet i Sogn og Fjordane, Framtidsfylket Trainee, beheld heile 70 % av traineeane i regionen etter avslutta traineeperiode. Undersøkinga viser også at dei fleste blir verande i bedrifta dei har vore tilknytt i traineeperioden.Tal frå Framtidsfylket Trainee:

  • Omlag 70 prosent av dei 62 traineeane sidan 2005 har blitt verande i regionen.
  • Omlag 70 prosent av dei som er att i regionen jobbar i traineebedrifta si.
  • Av dei som har flytta ut av regionen, har omlag 15 prosent valt å studere vidare, medan ein tilsvarende prosentdel er arbeidstakarar.
  • 8 av 10 frå det siste traineekullet (2009-2010) har fått mellombels eller fast jobb i regionen.
  • 2 av 10 frå siste traineekull har valt å studere vidare eller fått fast jobb utanfor fylket.

Framtidsfylket Trainee har satsa på fleire felt for å gjere traineeopplevinga positiv. Traineeane får ein mentor i bedrifta dei jobbar i. Det er jamlege traineesamlingar med fokus på erfaringsutveksling frå jobbkvadagen, teambygging og eit knippe tema som er nyttige når ein er ny i jobben. Eigenutvikling er ein sentral del av det å vere trainee. I tillegg er det lagt vekt på at traineeane skal bli kjende med næringslivet i Sogn og Fjordane på same tid som det sosiale og friluftsaktivitetar er ein viktig del av samlingane.

  • Sjå også: Framtidsfylket styrkar næringslivet

Regionale traineeprogram som har svart på undersøkinga er: Trainee Innlandet, Framtidsfylket Trainee og Intro Innherred.

  • Sjå tala frå regionalprogramma her.

I nær framtid vil det bli lagt ut meir informasjon på framtidsfylket.no om traineekullet 2010-2011.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.