Teikna seg inn i Framtidsfylket

Skriven 12.03.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Forrige veke hadde Nicolai Lund arbeidsveke i Framtidsfylket. Det kom fort fram at 9. klassingen frå Naustdal Barne- og ungdomsskule hadde eit talent som kunne kome til nytte.

På fritida kunne nemleg den unge naustedølen fortelje at han var oppteken av å teikne og utrykke seg gjennom bileteform. Dermed falt det seg naturleg at det var nettopp dette han skulle få gjere under arbeidsveka si.

Nettbrett

Med seg på første arbeidsdag, hadde han eit nettbrett med teikne-appar på. Berre ved hjelp av fingrane, skulle han jobbe seg fram til ulike motiv som vart bestemt i samråd med resten av Framtidsfylket-gjengen. Likevel skulle han få ganske frie tøylar i jobben som stod for tur.

Ein superhelt

Med musikk på øyra og varm sjokolade i koppen, var arbeidsmoduset satt for Nicolai. Det første prosjektet han satt i gong med, var å lage ein ny maskot som kunne representere Framtidsfylket både på nettstad og i prosjekt. Resultatet vart ein råtøff superhelt i ikonisk Framtidsfylket-rosa. 

Portrett

Som om ikkje ein detaljert og kul superhelt var nok, teikna han også alle dei fire tilsette i Framtidsfylket. Med berre bileta å gå etter, laga han flotte illustrasjonar av kvar enkelt. Alle dei fire portretta kan du sjå på kontakt-sida.

Tok del i arbeidsmiljø

Tross effektive arbeidstimar, fekk også Nicolai kjenne på eit vaskeekte arbeidsmiljø på PEAK Sunnfjord. Frå å spele bordetennis og bilsimulator til å ete lunsj med andre bedrifter i kantina, vart eleven på arbeidsveke eksponert for reelle arbeidsdagar med ein kreativ prosess og eit flott sluttresultat.

Vi i Framtidsfylket ønskjer å takke Nicolai får besøket! Han gjekk sjølvsagt ikkje tomhendt frå opphaldet, og fekk billett til lanet TEx Vest i haust og ein sekk full av godsaker!

BTW! Du kan også finne superhelt illustrasjonen til Nicolai på Instagram-GIFs om du søkjer på «Framtidsfylket».

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.