Susanne Støyle Alsaker

Skriven 28.09.2018 under Trainee

Utdanning

Eg har tatt bachelor i fornybar energi i Sogndal,  og studerte vidare i Trondheim og tok ein master i Urban Ecological Planning ved NTNU.

Traineestilling

I år er eg trainee i Luster kommune og jobbar som arealplanleggar på planavdelinga der. Eg er allereie i gong med litt forskjellige planoppgåver, men jobbar hovudsakleg med reguleringsplanar i kommunen. I tillegg er eg med og får innføring i anna arbeid på planavdelinga. Det er ny erfaring å få kunnskap til kva som skjer i planen si levetid, altså etter planen er laga, kva blir resultatet? Kommunen har mange oppgåver innanfor offentleg forvalting så ein meir heilskapleg forståing av kommunen som organisasjon kjem med på kjøpet. Hovudfokuset er uansett på plan for min del og dette året.

Difor søkte eg stillinga

Eg har høyrt om andre som har vore trainee gjennom Framtidsfylket og har generelt fått eit positivt inntrykk av traineeordningar. I tillegg har eg vore på karrieremessa i Trondheim, noko som har fått tankane om å kome tilbake til fylket til å rulle. Bylivet har vore flott, men eg har også kjent på saknet etter skikkeleg vestlandsnatur og -kultur.  Akkurat i år så kom det ei stilling perfekt for mi utdanning på Framtidsfylket.no, så då var vegen kort til å søke. Eg fekk prata litt med dei som lyste ut stillinga på karrieremessa og vart oppfordra til å søke, og her er eg. Tilbake i trivselsfylket!

Forventningar

Eg gler meg til samlingane og året som kjem, då eg har inntrykk av det gir ein god start på arbeidslivet og moglegheiter for å knytte kontaktar i fylket med andre som er i liknande situasjonar. Eg trur det gjer at ein blir betre kjent rundt om og at ein knyter eit sterkare band til fylket.  Sosialt sett har eg allereie fått inntrykk av at det skal bli mykje moro og mykje ny innsikt i andre fagfelt sin kvardag. Eg håpar og trur at året gir gode moglegheiter til fagleg utvikling, at eg får arbeide med erfarne medarbeidarar og utfordre meg i ei ny rolle.

Refleksjonar rundt karrieremoglegheitene i Sogn og Fjordane

Slik inntrykket mitt er av karrieremoglegheit i Sogn og Fjordane er at det er litt av alt og kanskje meir enn ein trur. Også er det moglegheiter til å få prøve seg på masse forskjellig innan same stilling dersom det er noko ein ynskjer. Ein kan ikkje kome unna at ein kanskje må vere villig til ha litt reiseveg, men det spørst heilt på kvar ein vel å bu.

Framtidsutsikter

Kva som skjer i framover må ein nesten sjå an tenker eg. Først må ein bli skikkeleg varm i trøya der er ein er for å så ta ei vurdering kva ein ynskje vidare. Slik sett er traineeordning ei god introduksjon for sjå om ein trivst både der ein jobba og der ein bur.  Så får ein ta ting som det kjem etter det.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.