Susanne Hoggen Kippersund

Skriven 07.10.2019 under Trainee

Kven er du?
Eg heiter Susanne, er 27 år og kjem frå Volda på Sunnmøre. Eg flytta til Costa Rica då eg var 17 år for å studere ved United World College. Etter det studerte eg spansk i Argentina eit semester, før eg flytta til Bergen for å studere ved universitetet der. Etter å ha prøvd litt forskjellig endte eg med å ta ein bachelor i historie, kor eg også fekk høve til å dra eit år på utveksling til Sør-Afrika. Då eg kom tilbake begynte eg på ein master i historie. I løpet av masteren tok eg eit år pause kor eg reiste på utveksling til Egypt for å studere arabisk og var praktikant ved den norske ambassaden i Romania. Eg er glad i å reise, og likar elles å lese, strikke og gå på fjellet når ikkje dørstokkmila vert for lang.

I kva bedrift er du tilsett som trainee?
Eg er trainee hjå Norec, Norsk senter for utvekslingssamarbeid, og bur og jobbar i Førde.

Kvifor søkte du traineestillinga?
Norec jobbar med utveksling som metode for utvikling. Gjennom mine eigne utvekslingsopphald og organisasjonsarbeid har eg sjølv opplevd kor mykje ein kan lære av å besøke andre kulturar. Eg har difor lenge vore interessert i å jobbe med internasjonalt samarbeid, og å få jobbe for Norec er ein heilt spesiell moglegheit til det, samstundes som ein kan bu i idylliske omgivnadar på Vestlandet. Norecs prinsipp om gjensidigheit, at alle kan lære av alle og at utveksling og læring ikkje berre går ein veg, gjorde meg særleg interessert i å jobbe for dei.

Kan du dele ein fun fact om deg sjølv?
Favorittboka mi er Norsk etymologisk ordbok (eg likar den så godt at eg har fått utgåva mi signert av forfattaren, og har også brukt boka som sjekketriks).

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.