Stinemari 768x512

Stine Marie Nytun Leirdal

Skriven 21.09.2017 under Trainee

Utdanning

Mastergrad i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen.

Traineestilling

Eg arbeider med statistikk og analyse i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Saman med to kollegaer produserer og oppdaterer eg Fylkesspegelen, som er fylkeskommunen sin statistikkportal. Me leverer også statistikk og analyse til fylkeskommunale prosjekt, planar og strategiar, og hjelper kommunar, politikarar og tilsette i fylkeskommunen med ulike analysar og statistiske framstillingar.

Det er veldig kjekt, spesielt sidan eg får lov til å få eit innblikk i det mange av avdelingane i fylkeskommunen arbeider med. Etter kvart skal eg også bli ein racer i plan- og analyseverktøyet PANDA.

Difor søkte eg traineestillinga

Den viktigaste grunnen til at eg søkte på traineestillinga, var at det verka som ein spennande, variert og utfordrande jobb. Til no har det stemt på ein prikk, så eg er veldig glad for at eg søkte.

Traineeprogrammet var absolutt eit trekkplaster. Som trainee får eg god oppfølging, med både opplæring og oppfølging undervegs i traineeåret. Dessutan får eg delta på fellessamlingar saman med dei andre traineeane i fylket og eg får moglegheit til å bli godt kjent med alt som skjer både i fylkeskommunen og elles i fylket.

Også var det sjølvsagt ein bonus å få moglegheita til å bu i Luster kommune att.