Groleon 768x576

Spennande stilling i Framtidsfylket & Sogn og Fjordane Næringsråd

Skriven 06.07.2017 under Nyheiter

Framtidsfylket og Sogn og Fjordane Næringsråd søker etter ny kommunikasjon- og marknadsmedarbeidar.

– Ein initiativrik, kreativ relasjonsbyggar, som er levande oppteken av framtida til Sogn og Fjordane må ikkje nøle med å sende meg oss ein søknad, seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd, Leon Bakkebø.

Næringsrådet og Framtidsfylket vil jobbe tett saman med å løfte fram næringslivet i fylket, og søkjer denne gongen saman etter ein ny kommunikasjon- og marknadsmedarbeidar.

– Selskapa har mange samanfallande interesser, og vil jobbe saman på fleire arenaer. Det var difor naturleg å finne ein felles medarbeidar, seier Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Digital marknadsførar

Den nye medarbeidaren vil få ansvaret for dei digitale flatene til begge selskap, delta i planlegging og gjennomføring av ulike aktivitetar, samt å følge opp nye og eksisterande kundar.

– Vi ser etter ein serviceminded person med ein tydeleg penn og god kunnskap om digital marknadsføring, seier Bakkebø.

Personen vil bli ein del av eit team på fire,  så ein må trivast med mange ballar i lufta.

Framfor alt ser vi etter den rette personen for selskapet. Vi er eit lite team, men med store ambisjonar, seier Rukan

Sjå heile stillingsannonsa her.

Framtidsfylket AS
Framtidsfylket er Sogn og Fjordane si eiga merkevare for karrieremulegheiter i fylket. Kjerneelementa i dette arbeidet er nettportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser. Selskapet jobbar på eit overordna nivå med marknadsføring av Sogn og Fjordane som eit attraktivt bu- og arbeidsområde.

Sogn og Fjordane Næringsråd
Sogn og Fjordane Næringsråd er ein nyskipa interesseorganisasjon for næringslivet i Sogn og Fjordane. Næringsrådet skal bidra til større vekstkraft og verdiskaping i regionen, fremme næringsinteresser og vere eit felles talerør for næringslivet