Kollega 768x510

Vil du bli vår nye kollega?

Skriven 24.05.2018 under Nyheiter

Er du knallgod på kommunikasjon og engasjert i framtida til Sogn og Fjordane? Då er du kanskje den vi leitar etter!

– Ein initiativrik, kreativ relasjonsbyggar, som er levande oppteken av framtida til Sogn og Fjordane må ikkje nøle med å sende meg oss ein søknad, seier Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Kommunikasjon og prosjektleiing

Den nye medarbeidaren vil få det overordna ansvaret for selskapet sin kommunikasjonsstrategi, og det redaksjonelle ansvaret for portalen framtidsfylket.no og magasinet #utanfilter.

– Vi ser etter person med ein tydeleg penn og god kunnskap om digital marknadsføring. Dersom ein også har erfaring frå grafisk arbeid, film eller foto, er det heller inga ulempe, seier Hovland.

I tillegg gjennomfører Framtidsfylket ei rekkje prosjekt, som vil krevje tett samarbeid mellom kommunikasjon og leiing. Personen vil bli ein del av eit team på fire,  så ein må trivast med mange ballar i lufta.

Framfor alt ser vi etter den rette personen for selskapet. Vi er eit lite team, men med store ambisjonar, seier Hovland.

Sjå heile stillingsannonsa her.

Framtidsfylket AS
Framtidsfylket er Sogn og Fjordane si eiga merkevare for karrieremulegheiter i fylket. Kjerneelementa i dette arbeidet er nettportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser. Selskapet jobbar på eit overordna nivå med marknadsføring av Sogn og Fjordane som eit attraktivt bu- og arbeidsområde.