Sommarjobb på kongens veg

Skriven 21.10.2014 under Nyheiter

– Det har vore kjempespennande. Vi har arbeidd utandørs i fantastisk natur, og i tillegg lært mykje som er relevant for utdanninga vår, fortel Silja Jermstad og Hanne Johnsrud. I sommar har dei hatt Lærdal og Filefjell som arbeidsplass.

Dei to jentene studerer til vanleg landskapsarkitektur ved Universitetet for miljø- og biovitenskap i Ås. På oppdrag frå Statens vegvesen har dei hatt i oppgåve å saumfare og registrere lange strekningar av Kongevegen over Filefjell.

Lærdalsdalen og Filefjell har i uminnelege tider vore hovudferdslevegen mellom Aust- og Vestlandet.

Delar av kongevegen er synleg den dag i dag, og vert mykje brukt til vandring. Andre stader er den svært vanskeleg å få auge på den der den ligg attgrodd og prega av ”tidens tann”. Vegetasjon og vatn har gjennom åra øydelagt både vegkropp og murar. Ved hjelp av lokalkjende har dei to jentene funne mange av dei gøymde vegstykka, men nokre stader er vegen heilt øydelagt.

– På nokre strekningar er nyare vegar bygd oppå Kongevegen. Der den går gjennom gardstun har vegen nokre stader blitt brukt til andre formål, som potetåker eller garasjetomt, fortel Silja Jermstad.

  • Les heile intervjuet på vegvesen.no
  • Les meir om Kongevegen over Filefjell

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.