Siste sjanse til ny jobb i 2018!

Skriven 21.12.2018 under Nyheiter

Sjekk ut ledige stillingar i Sogn og Fjordane

Foto: Sitep

Mange har gira ned før jul, men det har likevel dukka opp litt nytt på jobbmarknaden:

Med øvingsfabrikk og teknologilab er Sitep as i Årdal ein læringsarena for både elevar og erfarne innovatører. Dei er med på å å forme den industrielle framtida i regionen gjennom å auke samarbeidet mellom bedrifter, skule, universitet og andre forskingsmiljø. No treng dei to nye medarbeidarar:

Prosjektleiar/Teknolog

Leanutviklar

Veidekke søker innkjøpsleiar Sogn og Fjordane. Dei ser etter ein engasjert medarbeidar som tar ei aktiv rolle i prosjekt og leiar innkjøpsprosessane i distriktet. Arbeidsstad er i utgangspunktet Sogndal, men for den riktige kandidaten vil kontoret i Sandane eller Volda vere aktuelt.

Strukturplast på Sandane produserer eit av verdas sterkaste elastiske material, NORSelast, og ser for seg sterk vekst i åra framover. Difor treng dei fleire på laget og ser etter ein prosjektkoordinator. Hugs også at dei er traineebedrift og søker ein trainee for 2019/20.

Selje kommune klinkar til med tre stillingsutlysingar:

Helse-, barne- og ungdomsarbeidar

Tenesteleiar sjukeheim

Vernepleiar

Vil du jobbe med web-utvikling i Difi? Som webutviklar i Difi vil du bli ein del av eit større utviklingsmiljø, der dei kombinerer fleksibel arbeidstid med kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø.

Sogn og Fjordane Energi søker ingeniør innan vassbygg og ein systemutviklar.

Nye Kinn kommune treng kommunalsjef for innovasjon og utvikling, med kontorstad i Måløy.

 

Gløym ikkje at Sogn og Fjordane har 32 ledige traineestillingar innan ulike fagfelt!

Her finn du fleire ledige stillingar.

God jobbsøk!

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.