Påmelding karrieremesse
Rakel 768x512

Rakel Ullebust

Skriven 21.09.2017 under Trainee

Utdanning

Bachelor i ingeniør elektro – energi, elkraft og miljø, utdanna ved Høgskulen på Vestlandet avd. Førde.

Traineestilling

Eg er tilsett hjå Enoro ved kontoret i Dale. Mine oppgåver er hovudsakleg:

  • Levering og iverksetjing av løysingar og tenester hjå Enoro sine kundar
  • Rådgjeving i etablering av rutinar og bruk av Enoro si programvare i høve kunden sine forretningsprosessar.
  • Vere kunden sin rådgjevar i dagleg bruk av Enoro si programvare.

Difor søkte eg traineestillinga

For meg var det viktig å ha ein jobb der eg får nytta utdanninga mi, samt utvikle meg vidare som ingeniør innan elkraftfaget. I tillegg hadde eg eit sterkt ønskje om å bli buande i Sogn og Fjordane. Ei stilling hjå Enoro var derfor eit godt val for meg.

Som trainee i Enoro får eg god oppfølging og ein variert arbeidskvardag. Eg trur den tette oppfølginga ein får med ein mentor gjev ein god start på arbeidslivet og ein mjukare overgang frå studenttilværet. Gjennom Framtidsfylket si traineeordning får eg vere med på sosiale og lærerike treff rundt om i fylket. Her kan ein byggje nettverk og bli kjend med næringslivet i Sogn og fjordane.