20 kandidatar på blokka etter karrieremessa

Skriven 30.01.2018 under Nyheiter

Dagleg leiar i Rocketfarm, Egil Mundal, hadde ei kø av interesserte studentar på karrieremessa i Trondheim torsdag kveld.

– Teknologimiljøet i Sogndal er eit kjent namn på NTNU. Eg hadde fullt trøkk på standen heile kvelden av folk som oppriktig kan tenke seg kombinasjonen av ein veldig interessant jobb og ei veldig interessant fritid, seier Mundal.

Mundal noterte heile 20 namn i løpet av messa.

– Det var mange spennande kandidatar, som vi no skal ha ein dialog vidare med. Dette var både personar som er ferdig utdanna til våren som ser etter jobb, og studentar som vi kan samarbeide med på masteroppgåver. Vi har hatt særs god uttelling, fortel Mundal.

Gründarane bak Rocketfarm hadde sitt første møte med Sogn og Fjordane på karrieremessa i Trondheim for ti år sidan, medan dei sjølve studerte på NTNU.

– Rocketfarm-miljøet tel no 30 personar og har hatt ein formidabel reise sidan oppstarten. Eg har vore på Campus og sett korleis dette miljøet har bidratt til at også andre næringar har utvikla seg, fordi ein har hatt tilgang på kompetansen, seier Mundal.

Flyttar på dagen
Tre av dei som deltok, var Marie Mathiasson (24) frå Bærum, Maria Bjelland (22) frå Bergen og Kristin Landsem (24) frå Trondheim. Tre storbyjenter som ser for seg ei framtid i Sogn og Fjordane

– Eg har lyst til å jobbe i ei mindre bedrift, der eg føler at eg kan gjere ein skilnad, i staden for å forsvinne i mengda på ein større stad. Teknologimiljøet i Sogn og Fjordane er jo kjent for å vere ekstremt bra. I tillegg er Sogn og Fjordane eksotisk. Det ein kan gjere etter arbeidstid er jo svært attraktivt, seier Bjelland.

– Eg har heile tida tenkt at eg skal flytte til ein storby, men det har endra seg. I byane er det spisse albogar som gjeld. Her har vi fått innblikk i ein kultur, der ein støttar og pushar kvarandre opp og fram – og det er ein kultur eg kan tenke meg å bli ein del av, seier Mathiasson.

Dei går fjerde året på produktutvikling og produksjon på NTNU, og fant mange relevante bedrifter på messa. Om eitt år er kvinnene ferdig med mastergrada si, og dei flyttar gjerne på dagen, dersom dei får seg jobb.

– Melin Medical, Strukturplast og ikkje minst Brødrene Aa. Tenk å vere med på heile prosessen frå tegnebordet til ferdig produkt. Det er faktisk heilt fantastisk, seier Bjelland.

Ja, du smilte ganske breitt då du gjekk frå standen deira, legg Mathiasson til.

Førde som tech-by?
Det som overraska kvinnene mest, var å sjå Førde på kartet som ein tech-by.

– Førde har vore ein plass vi køyrer gjennom. Eg hadde ingen idé om alt som foregår der, seier Mathiasson.

– Eg har alltid tenkt at teknologi er synonymt med storby. At det er der det skjer. Men det er jo ikkje slik, seier Landsem.

– Tibber har som målsetjing å bli verdsleiande, og samtidig vil dei gjere det heimefrå. Det er utruleg kult. Alle bedriftene vi har høyrt om til no, vil til dei store miljøa i USA. Og her sit dei i Førde og forhandlar med Tesla. Det er ganske rått, smiler Mathiasson.

Langsiktig rekruttering
Aldri før har det vore fleire bedrifter med til Trondheim. 37 bedrifter som tok seg av dei 250 deltakarane på karrieremessa. Nytt av året var eit seminar med seks føredragshaldarar frå fylket, som gav deltakarane eit innblikk i det næringslivet har å by på.

Det er første gang Mundal sjølv deltek på karrieremessa, og understrekar viktigheita av å vise fram næringslivet i Sogn og Fjordane.

– Dersom vi hadde gått 13 år tilbake og ikkje gjort dette langsiktige arbeidet, hadde vi vore ein heilt annan stad med tanke på rekruttering. Det er veldig bra for næringslivet i Sogn og Fjordane og vere saman på karrieremesser. Det skapar kunnskap og samtalar på tvers av bransjar, seier Egil Mundal.

 

Sjå video frå karrieremessa i Trondheim 2018. 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.