På jakt etter jobb og festivalpass

Skriven 07.02.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Bodil Taule Rørvik, Johanne Hagelin og Svein Inge Solaas sikra seg fantastiske opplevingar i tida framover under Framtidsfylket si karrieremesse i Grieghallen.

Dei tre var blant heldige vinnarar som kjempa seg til festivalbillettar under ballongregnet, då 500 rosa ballongar vart slept ned til håpefulle gjestar. Skal ein tru Svein Inge, var ikkje resultatet tilfeldig.

Vinnar på jobbjakt

Eg var innom Tine sin stand og plukka med meg drue og ost, spidda gjennom med tannpirkar. Dermed hadde eg ein klar fordel til å sprekke ballongane som ramla ned, forklarar Svein Inge.

I utgangspunktet var han på jakt etter ei traineestilling, då han er nyleg ferdig utdanna som energi-ingeniør. Glisande og blid, fortel Svein Inge om planane for framtida. – Vel, eg kan ikkje seie om eg blir å sjå på TEx VEst, som eg vant billettar til. Det får jobbsituasjon og liknande avgjere, men no skal eg heim å sjå på traineestillingane som ligg ute, seier ein mogleg tilflyttar til fylket. 

Fornøgde deltakarar og bedrifter

Dei tre heldige vinnarane, kunne med store glis fortelje om ein flott kveld i den bergenske kulturmeteropolen. Saman med fleire hundre deltakarar, fekk dei gode opplevingar og auga opp for jobbmoglegheiter hos dei 90 bedriftene til karrieremessa.

Steph Gustav Hauge Andersen som er trainee i Coast, kunne fortelje om eit arrangement han var svært tilfreds med. – Opplegget var fantastisk. Måten alle standane var rigga på, stemninga, foredrag og alt som foregikk, det var utruleg bra, fortel den lovande bergensaren. 

Moglegheitene opne

Fleire av bedriftene som var på stand, hadde også premiar som kom til gode for vinnarar av konkurransane. Johanne sikra seg bærbar høgtalar, to billettar til Fres Festival i Fresvik og billett til Flåm Zipline. 

– Dette blir heilt fantastisk, seier Johanne og ser fram til mykje moro i framtida. Ho legg til at ho er opne for karrieremoglegheitar på messene, men at ho ikkje ser ikkje etter noko spesifikt.

– Den beste festivalen i heile Norge

Plutseleg var eg vinnar av eit festivalpass til Utkant, seier Bodil og gliser. Ho innrømmer at ho aldri har vore på festivalen, men at ho har høyrt fine ting om den. Svein Inge bryter inn i samtalen. – Utkant med riktig vêr, det er den beste festivalen i heile Norge, fortel han til Bodil og oppmodar ho til å ta turen.

Kanskje blir alle tre å finne i fylket enten bak ein dataskjerm på TEx Vest, i solnedgang på Utkant, susande i zipline… eller kanskje i ein flunkande ny jobb. Tida får vise.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.