Påmelding karrieremesse
Oyvind 768x512

Øyvind Sunde

Skriven 21.09.2017 under Trainee

Utdanning

Bachelorgrad Automatiseringsingeniør, HVL avd. Førde

Bachelorgrad Geofysikk, UiB

Traineestilling

Eg er trainee hos Enoro, ved hovudkontoret i Dale. Her er eg på avdelinga Grid, der eg i hovudsak skal jobbe som systemutviklar. Arbeidsoppgåvene mine omfattar mellom anna å vere med på planlegging og utvikling av programvare for kraftbransjen, samt hjelpe til med 3.linje support opp mot bedriftskundar.

Difor søkte eg traineestillinga

Eg søkte på traineestillinga fordi eg ser på dette som ein god start på karriera, der ein får både god oppfølging frå eiga bedrift, og får følge eit opplegg som er spesialtilpassa for nyutdanna studentar. Traineeordninga var noko eg hadde høyrt mykje positivt om frå tidlegare traineear.
Traineestillinga gjev òg ei god moglegheit til å verte betre kjend med bedriftene og næringslivet i Sogn og Fjordane, samt knyte nettverk på tvers av ulike fagfelt.